Kay Fisker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kay Fisker
Kat Fisker photo.jpg
Kay Fisker
Fødd 14. februar 1893
Frederiksberg
Død 21. juni 1965 (72 år)
København
Nasjonalitet Dansk
Felt Arkitekt og professor ved Kunstakademiets arkitektskole
Utdanning Kunstakademiet i København
Periode funksjonalismen
Kjende verk Aarhus Universitet, Dronningegården i Dronningens Tværgade i København, Århus kommunehospital, bygningen Strygejernet og Det danske institut i Rom

Kay Otto Fisker (fødd 14. februar 1893 i Frederiksberg, død 21. juni 1965 i København) var ein dansk arkitekt og professor ved Kunstakademiet i København.[1] Han var eksponent for ein nasjonalt forma utgåve av den internasjonale funksjonalismen.

Hovudverket hans er Aarhus Universitet, som er tatt opp i Danmarks kulturkanon.[2][3]

Fisker gjekk på på Kunstakademiet i København frå han var 17 år gamal i 1909 til 1920, da han tok eksamen som arkitekt.

I studietida var han tilsett på Anton Rosens arkitektkontor frå 1912, hos Sigurd Lewerentz og Gunnar Asplund i Stockholm i 1916 og hos Hack Kampmann i København frå 1918.

Saman med studiekameraten Aage Rafn vann han i 1916 fystepremie i ein konkurranse om stasjonar på Gudhjemsbanen på Bornholm.[1][4] Desse vert reist i ein pittoresk nyklassisisme og ein del av dei vert freda i 1984.

Etter eksamen vert karrieren som praktiserande arkitekt dominert av ei rekkje prosjekt med husvære. Desse fekk stor påverknad i samtida og mellom anna Vestersøhus frå 1935-1939 ved Fisker og C.F. Møller blei ein modell.

Hovudverket Aarhus Universitet vert frå starten av planlagd etter 1. premieprosjektet i konkurransen om bygginga av universitetet i 1931. Det er utført av Fisker, C.F. Møller og Povl Stegmann saman med hagearkitekten C.Th. Sørensen. Dei fyrste bygningane stod ferdige i 1933 og er teikna av desse. Seinare bygningar er reist i same stil, med C.F. Møller som arkitekt.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Fisker mottok Eckersbergmedaljen i 1926 og C.F. Hansenmedaljen i 1947 for Aarhus Universitets bygningar. Han var innehavar av Dannebrogordenen og Dannebrogordenens hederstegn, den franske Æreslegionen og den svenske Nordstjerneordenen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]