Funksjonalisme i arkitektur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinkelgården (1934) på Majorstua i Oslo.
Foto: Kjetil Lenes

Funksjonalisme, populært kalla funkis, er ei retning innan kunst, arkitektur og industridesign som vart populær på 1920-talet. I Noreg slo funksjonalismen gjennom på 1930-talet. Stilen vert prega av eit forenkla formspråk. Typisk er store flater, rette liner og geometriske former. Ein sentral tanke var at funksjon skulle vera viktigare enn form. Innan byggjeteknikk var det utvikla måtar å byggja større samanhengjande betongflater på. Viktige arkitektar innan stilarten i Noreg var Herman Munthe-Kaas og Ove Bang.

Funksjonalistisk "RIKS" telefonkiosk på Vålerenga i Oslo.
Foto: Kjetil Lenes

Arkitekt Georg Fasting teikna i 1932 telefonkiosken RIKS. Modellen er eit fint døme på funksjonalisme i arkitektur. Telefonkiosken vart det plassert kring 9000 av kringom i Noreg.

Funksjonalismen sine grunnleggjarar internasjonalt er rekna å vera Le Corbusier og Walter Gropius. I Sverige var Gunnar Asplund ein viktig arkitekt innan funksjonalismen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Funksjonalisme i arkitektur