Kazan-khanatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utstrekninga til Kazan-khanatet kring år 1500
Kart over Kazan-khanatet

Kazan-khanatet var eit rike som eksisterte frå ikring 1438 til 1552. Riket, som var befolka av tatarar, låg i grenseområda mellom Europa i vest og Asia i aust, og omfatta dagens Tatarstan, Mari El, Tsjuvasjia, Mordovia samt delar av Udmurtia og Basjkortostan, alle saman delrepublikkar i Russland.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Kazan-khanatet vart danna av Olug Mokhammad i 1437 eller 1438, med mykje hjelp frå den lokale adelen. I den fyrste tida etter khanatet vart danna stod det seg godt mot Storfyrstedømmet Moskva. Ved fleire høve førte khanen krig mot den moskovittiske storfyrsten.

I juli 1487 erobra storfyrst Ivan III byen Kazan og sette marionetten Möxämmädämin på truna. Khanane i Kazan var deretter vasallar under storfyrsten i Moskva. Russiske handelsfolk fekk rett til å handle fritt i khanatet, noko som førte til fleire resultatlause opprør frå folk som ville sameine Kazan-khanatet med anten Det osmanske riket eller Krim-khanatet.

Kazan-khanatet frigjorde seg frå russisk makt i 1521. Saman med grannerika gjekk då khanatet til krig mot Moskva. Khanen Muhamed Giray lukkast å ta med ei 150nbsp;000 russiske slavar.

Erobringa av Kazan i 1552, skildra i 1913 av Nicholas Roerich

Kazan-khanatet vart i 1552 erobra av ein russisk hær leia av Ivan den grufulle. Russehæren kringsette byen Kazan, som fall etter to månader. Deretter let den russiske tsaren byen brenne, bybuarane døydde eller vart fordrivne. Samtidige kjelder seier at 110 000 tatarar vart drepne eller omkom, og at mellom 60- og 100 000 russiske fangar vart frisett. Landområda der khanen av Kazan hådde rådd vart lagt under Tsar-Russland, og etniske russarar flytta inn og overtok byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kazan-khanatet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]