Kde domov můj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den tsjekkiske byen Bílina.

Kde domov můj Høyr Høyr, Kvar er heimen min?, er nasjonalsongen til Tsjekkia. Han har vore offisiell sidan landet blei til i 1993, men var tidlegare første delen av den tsjekkoslovakiske nasjonalsongen, medan den slovakiske nasjonalsongen var andre delen.

Songen blei skriven av komponisten František Škroup og dramatikaren Josef Kajetán Tyl som ein del av komedien Fidlovačka aneb žádný hněv a žádná rvačka (Fidlovačka, eller null sinne og null bråk). Han blei framført første gongen i Praha 21. desember 1834. Songen hadde opphavleg fleire vers, men berre det første er blitt nasjonalsong medan resten er gløymd.

Tsjekkisk tekst

Norsk omsetjing

Kde domov můj,
kde domov můj?
Voda hučí po lučinách,
bory šumí po skalinách,
v sadě skví se jara květ,
zemský ráj to na pohled!
A to je ta krásná země,
země česká, domov můj,
země česká, domov můj!
Kvar er heimen min?
Kvar er heimen min?
Vatnet brusar over engene,
skogar susar over klippene,
i frukthagen lyser vårblomane,
eit jordisk Eden er dette for auga!
Og dette er det vakre landet —
Tsjekkia-landet, heimen min,
Tsjekkia-landet, heimen min!