Kegelstatt-trioen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keglestatt-trioen
K. 498
Pianotrio av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Kammermusikk
Periode Wienerklassisismen
Komponert 5. august 1786
Første framføring 1786
Typisk lengd 20:40
Satsar 3
Side 1 av det signerte partituret.

Kegelstatt-trioen (K. 498), òg kalla Trio for klarinett, bratsj og piano i Ess, er eit musikkverk av Wolfgang Amadeus Mozart.

Mozart skreiv trioen i Wien den 5. august 1786. Verket var dedisert til Franziska Jacquin (1769–1850), ein student av Mozart.

Det tyske ordet Kegelstatt tyder «kjeglestad» og Mozart skreiv at han komponerte dei 12 duettane for bassetthorn (K. 487) medan han spelte kjegler. Trioen vart først framført i heimen til Jacquin med Anton Stadler på klarinett, Mozart på bratsj og Franziska Jacquin på piano. På Mozart si tid var klarinetten eit relativt nytt instrument.

Trioen vart publisert i 1788 av Artarie. Ingen komponist før Mozart hadde skrive for denne instrumentkombinasjonen.

Trioen består av tre satsar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]