Kemijoki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kemijoki er ògså det finske namnet på elva Kem i Karelia
Kemijoki
Kemijoki om lag 30 km nedanfor Rovaniemi
Kemijoki om lag 30 km nedanfor Rovaniemi
Utspring Nær Sokoskisjøen og den russiske grensa i Nordaust-Finland
- Høgd 230 m
Munning Bottenvika ved Kemi
- Høgd 0 m
Land i nedslagsfelt Finland
Lengd 550 km
Nedslagsfelt 51 000 km²
Sideelvar Ounasjoki
Renn gjennom Rovaniemi, Kemiträsk

Kemijoki (svensk Kemi älv) er den lengste elva i Finland med ei lengd på 550 km. Ho renn gjennom Kemiträsk og Rovaniemi før ho munnar ut i Bottenvika ved Kemi.

Ved Rovaniemi renn Ounasjoki i hop med Kemijoki.

Det fyrste vasskraftverket i Kemijoki vart konstruert i 1946 ved Isohaara. Så langt er det bygd 15 vasskraftverk i elva. Kemijoki Oy og Pohjolan Voima Oy eig kraftverka. I 2003 produserte kraftverka totalt 4,3 TWh, som er om lag 34,5 % av den totale vasskraftproduksjonen i Finland.