Svensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Svensk språk)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Svensk (fleirtyding).
Svensk
svenska
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Nordisk
   Austnordisk
    Svensk
Talarar svenskar, finlandssvenskar
Bruk
Tala i  Sverige
 Finland
 Estland (tradisjonelt)
Område Norden
Svensktalande i alt >9 000 000
Rangering 89
Skriftsystem det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i  Sverige

 Finland (saman med finsk)

 Åland (som hovudspråk)

 EU
Nordisk råd

Normert av Svenska språknämnden (Den svenske språknemnda)
Språkkodar
ISO 639-1 sv
ISO 639-2 swe
ISO 639-3 swe
Kart som viser utbreiinga av det svenske språket.

Svensk (svenska) høyrer til språkgruppa nordiske språk, som er ei undergruppe av den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Såleis er svensk nærast i slekt med, og i dei fleste fall gjensidig skjønleg med, dansk og norsk.

Svensk, dansk og norsk bokmål blir historisk sett rekna som austnordiske språk, medan nynorsk saman med færøysk og islandsk høyrer til dei vestnordiske språka, men likevel skjønar dei fleste svenskane tala norsk mykje betre på grunn av den like uttalen. Svenskar og danskar har problem med å skjøne kvarandre, medan nordmenn skjønar både svensk og dansk godt.

Etter ei anna inndeling, blir svensk, dansk og norsk kalla fastlandsskandinaviske språk, i motsetning til dei øyskandinaviske, islandsk og færøyisk. Da legg ein vekt på at dei tre førstnemnde i dag er gjensidig forståelege i større grad, og at dei fekk dei same forenklingane ved inngangen til nyare tid (frå 1500-talet, om lag) - som bortfall av kasusbøyingar og verbbøyingar i person.

I Noreg er det likevel vanlegast å tale om dei nordgermanske språka som nordiske språk, medan dei tre fastlandsspråka blir omtala som skandinaviske språk, rett og slett.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

I forskjell til nynorsk, men likt riksmål og dansk, har svensk einast to grammatiske kjønn: felleskjønn og inkjekjønn.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Dei tre fastlandsskandinaviske språka var kring år 1000 det same, men begynte deretter å utvikle seg separat og var alle under sterk innverknad frå lågtysk.

Det skrivne svenske riksspråket tok til å bli utvikla av Magnus Eriksson på 1300-talet, først og fremst frå sveamål, men òg frå götamål. Det svenske tala riksspråket er monaleg yngre, og vart utvikla først i samband med industrialismen1800-talet og med radioen frå 1920-talet. Den normerande effekten av radio og fjernsyn kan ventast å få ein annan karakter, i og med at dialektar no er tillatne i desse media.

Svensk er nasjonalspråk i Sverige, der det blir skjøna og bruka av så godt som alle åtte millionar innfødde svenskar og enda ein million innvandrarar. Svensk er òg det mest tala språket på Åland, som er ein sjølvstyrt del av Finland. Svensk er det offisielle språket på Åland og morsmål for dei aller fleste. På det finske fastlandet blir svensk tala som morsmål av knapt seks prosent av folket, mest avgrensa til kystområda og på øyar utanfor sør- og vest-Finland.

I Estland vart dei svensktalande behandla godt i mellomkrigstida. Dei fleste flykta under eller etter andre verdskrigen, og i dag finst det berre ei handfull eldre svensktalande personar i live der.

Det fanst tidlegare ein svensktalande minoritetDagö, men denne vart tvangsflytta til Ukraina etter at dei svensk-kontrollerte områda i Baltikum vart tapte til Russland tidleg på 1700-talet, og mest alle desse ukrainske svenskane fór til Sverige etter den russiske revolusjonen i 1917. Den dialekten som dei tala vart kalla gammalsvensk. I dag finst det berre eit fåtal eldre medlemmer av denne minoriteten att i Gammalsvenskby i Ukraina, men desse talar framleis ei alderdomleg form av svensk og feirar helgedagar i samsvar med svensk tradisjon og kalender.

Det finst mindre svensktalande grupper i mange land, til dømes i nordstatane i USA, Brasil og Argentina.

Det er eit omfattande samarbeid mellom dei nordiske landa, og det er semje om at medborgarane i dei tre landa skal kunne studere og arbeide i heile Skandinavia utan å ha nokre spesifikke språkkrav på seg.

Den felles historia med Sverige har sett djupe spor i Finland, og den største innvandrargruppa i Sverige er finnar.

Det svenske høgspråket skil seg mykje ut frå dalmål, gutnisk, norrländsk og finlandssvenske dialektar.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.