Kine Hellebust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kine Hellebust

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. desember 1954 (69 år)
Harstad
Yrke skodespelar, songar, komponist, skribent, barnebokforfattar
Sjanger vise
Kine Hellebust på Commons

Kine Hellebust (fødd 15. desember 1954 i Harstad) er ein norsk skodespelar, songar og forfattar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter eksamen artium ved Harstad gymnas i 1974, gjekk ho dramalina ved Sund Folkehøgskole, og i 1976 vart ho immatrikulert ved Universitetet i Trømsø. Her tok ho òg forfattarstudiet i 2002/03.

Frå midten av 1970-talet har ho vore songar og skodespelar; først på Hålogaland teater, sidan i Tramteateret, hatt gjesteengasjement på ABC-teateret og Torshovteateret. Med Tramteateret vart ho kjend for fjernsynssjåarane i serien Serum-serum 1980, men fjensynsdebuten sin hadde ho sju år tidlegare, som vokalist i det første fjernsynsprogrammet NRK Troms sende frå Lyngskroa, Oteren (1972).

Saman med Tramteatret har ho medverka på 6 platealbum Back to the `80s (1980), Tramteatret (1981), Pelle Parafins bøljeband (1982), Dagbladets sommerkassett (1982), B-by livet går sin gang (1984), Randi og Ronnis restaurant (1986), og saman med Anders Rogg har ho gjeve ut to, Fra innsida (1984) og Mot yttersida (1987). Songen Det hainnle om å leve er den største suksessen hennar. Ho har òg gjeve ut ein CD med tekstar av Guttorm Lyshagen Kom rekk meg handa (1992), ein CD som markerte Hellebusts 25 års jubileum som artist Det hainnle om å leve - mellom anna (1993), og ein CD med eiga tonesetting til tekstar av salmediktaren Elias Blix (2001).

Kine Hellebust er styremedlem i Nynorsklaget, styreleiar i Nordnorsk forfatterlag og Kulturbingen. Ho har mottatt Leif Justers ærespris, Jens Book-Jenssens minnepris, Nordisk grafisk unions kulturpris, Gammleng-prisen i 1999 i klassen viser, og Blix-prisen same året.

Bibliografi:[endre | endre wikiteksten]

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Ho Anne og den forsvunne nøkkelen (1998)
  • Ho Kirsti og eg (2005)

Dokumentarbøker[endre | endre wikiteksten]

  • Tett på Troms (2006)
  • Vel blåst - Forsvarets musikkorps Nord-Noreg 100 år, ett av dem i bilder (2011)

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Kjervikmordet (2003)
  • Hjørnestein og porcelæn (2004)
  • Kjære Bambino (2009) - saman med Mari Hagen

Fjernsynserie[endre | endre wikiteksten]

  • Fia i Filmhuset (2001) - saman med Beate Hårstad Jensen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]