Kirzjatsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kirzjatsj
Киржач
Byvåpenet til Kirzjatsj
Byvåpenet til Kirzjatsj


Plassering
Kirzjatsj is located in Russland
Kirzjatsj is located in Vladimir oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Først nemnd i
Bystatus
1332
1778
Geografi
Flatevidd
 - By

30 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

30 566
  1 018,9 /km²
Koordinatar 56°09′00″N 38°52′00″EKoordinatar: 56°09′00″N 38°52′00″E
Høgd over havet 135 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 601010
Retningsnummer (tlf) +7 49237

Kirzjatsj (russisk Киржа́ч) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 100 km vest for Vladimir.

Byen oppstod på 1300-talet som ein sloboda tildelt Forkynbingsklosteret. Klosteret var grunnlagd av Sankt Sergej av Radonezj, som budde i området mellom 1354 og 1358. Mesteparten av tida det eksisterte var klosteret sterkt avhengig av det mykje større Troitse-Sergijeva Lavra-klosteret, som ligg rundt 50 km mot vest.

Den vesle klosterkatedralen, oppført under Ivan den store, høyrer til den tidlege moskovittiske typen av katedralkyrkjer. Han vert vanlegvis rekna som den siste og vakraste eksemplaret av denne konservative typen (bilete). Eit ope galleri knyt katedralen med den nærliggande Frelsarkyrkja, bygt i form av eit firkanta tårn og toppa med eit teltliknande klokketårn. Denne kyrkja vart bestilt av Miloslavskij-bojarane i 1656 og inneheld gravkammeret til familien. Refektoriet frå 1500-talet, med St. Sergej-kyrkja, vart rive under sovjettida.

Etter at klosteret vart oppløyst i 1764, fekk slobodaen byrettar (i 1778). Kirzjatsj utvikla seg så, som mange andre byar i området, primært som eit senter for tekstilindustri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]