Kitin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strukturen til kitinmolekylet.

Kitin er eit hornaktig stoff som finst i hudskjelettet til kreps og insekt og i kjevane til dyr som fleirbørstemark og blekksprutar og raspetunger til blautdyr. Det finst også i hyfeveggen til sopper og i skjelet til nokre eincella algar. Ordet «kitin» kjem av det greske khiton, som tyder 'panserskjorte'.

Kitin er eit polysakkarid i slekt med cellulose og er forma som eit makromolekyl med stor styrke og motstandsevne. Det er bygd opp av N-acetyl-glukosamin-einingar, som er bunde til kvarandre med beta-1,4-glykosidbindingar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kitin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]