Horn
Horn er ei hard utvekst på hovudet til ulike dyr. Rette horn er keratinstrukturar på hovdyr som veks ut frå levande bein og som i hovudsak sit parvis. Andre hornliknande utvekstar kan sitta åleine, som på nashorn, eller sitja lenger bak på kroppen, som på nokre nashornbiller.
Hjå nokre artar har begge kjønna horn, medan det hjå andre artar berre er hannen som har horn. Horna tek til å veksa nokså snart etter fødselen, og fortset livet ut. Dyr som har gevir mister dei og dannar nye kvart år. Horna vert ofte nytta for å kjempa mot rivalar og rovdyr.
Menneske har nytta horn som materiale sidan steinalderen. Horn er hardt, men kan samstundes lett skjerast til. Horn kan mellom anna brukast som skaft til ulike verktøy, som drikkehorn og musikkinstrument.
Kjelder [endre]
- «Horn» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
- Denne artikkelen bygger på «Horn» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2009.