Kittil Langebakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kittil Langebakke
Fødd21. mars 1825 (199 år)
Verka sommusikar

Kittil Haraldsson Langebakke (21. mars 182526. juli 1858) var ein norsk spelemann frå Krødsherad i Buskerud. Han var fødd på husmannsplassen Haraldhus i Krødsherad, og kalla seg stundom etter denne staden.

Kittil livnæra seg som skomakar, som andre spelemenn i samtida, og levde elles som husmann, og gjekk gardimellom for å lappe skor. Han lærde mykje spel av Knut Fosslia.

Kittil vart tidleg gift, år 1844, og fekk åtte born med kjerringa si, men levde ikkje lenge. Han var ein etterspurd spelemann, og var tinga inn til RaumyraNorefjell i juli 1858. Det vart snøstorm, og Kittil var ein av tre som miste livet. Han kom bort medan han leita etter ly, og bygdefolket fann han seks veker etter under Rantehønna. Det vart seinare knytt ein slått til denne hendinga.

Slåtten «Kittil Langebakke», ein variant av springaren «Tannlausen», er skriven ned etter Andres Vinna, som hadde han beint frå Langebakken. Springaren «Haraldhusen», overlevert i Eggedal, er òg knytt til Kittil.