Tannlausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Tannlausen skriv seg frå Buskerud, der han er nytta i både Numedal, Hallingdal og Krødsherad. Det finst og dekning for at han har vore nytta i Telemark, der ei form av slåtten vart teikna opp etter Olav Gøytil. Slåtten har truleg vore nytta av Gudbrand Skjellerud, men har vel og vore vanleg i Flesberg.

Det er helst formene frå Numedal som ber namnet Tannlausen, etter stevet Eg, eg er tannlaus eg, Fjølaruden ska smi tenner te meg.

Slåtten er tolleg gamal, med ein særmerkt tonekjensle. Både sekst og ters kan gripast halvhøgt, slik at tonaliteten sviv mellom dur og moll.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har katalognummer 501 i hardingfeleverket, og dei fleste formene er skrivne ned i Buskerud.