Kjemisk formel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Ein kjemisk formel viser kva grunnstoff ei kjemisk sambinding består av og forholdet mellom desse. Viss sambindinga er kovalent vises kor mange atom av kvart grunnstoff som er med i molekylet. Det kjemiske symbolet vert brukt for grunnstoffet. Talet på atom av dette stoffet i sambindinga vert vist ved eit seinka tal. Til dømes inneheld eit metanmolekyl eit karbonatom og fire hydrogenatom. Da vert den kjemiske formelen CH4.

Ein enkel måte å skriva formelen for eddiksyre er C2H4O2, men det finst fleire sambindingar som inneheld desse atoma. Ved å skriva CH3COOH får ein fram litt av strukturen i molekylet.

Kjemi Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over kjemispirer.

Personlege verktøy