Kjerringøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjerringøy
stad
Flyfoto av Kjerringøy frå aust
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bodø
Postnummer 8093 KJERRINGØY
Preposisjon Kjerringøy
Kart
Kjerringøy
67°31′10″ N 14°45′51″ E

Kjerringøy er ei halvøy, eit fiskevær og ein tidlegare kommune som no ligg i Bodø. Her ligg Kjerringøy gamle handelsstad, som har vorte nytta til mange filminnspelingar, mellom anna filmatiseringa av Jeg er dina av Herbjørg Wassmo.

Poststaden Kjerringøy har i dag ca. 340 innbyggjarar, spreidde over eit stort område. Dei fleste er busette i Kjerringøy sentrum, på Fjære, Alsos, Os, Strandå, Eidet og Nevelsfjord. Kjerringøy har vegsamband til Bodø by via Riksveg 834.

Utanfor Kjerringøy sentrum ligg to øyar som tettstaden har fått namn etter: Store Kjerringøy og Litl-Kjerringøya. Det ligg òg mange mindre øyar, holmar og skjêr utanfor halvøya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunen blei oppretta då Nordfold-Kjerringøy kommune blei delt 1. januar 1906. Kjerringøy hadde då 857 innbyggjarar.

1. januar 1964 blei det meste av Kjerringøy med 524 innbyggjarar slått saman med Bodin og ein del av Sørfold til Bodin kommune. Denne blei seinare slått saman med Bodø.

5. desember 1972 havarerte to norske F-5-jagarfly på Kjerringøy.[1][2]

Brennsundområdet i Kjerringøy kommune med 30 innbyggjarar blei på same tid slått saman med Leiranger, Steigen og delar av Nordfold og Hamarøy til den nye Steigen kommune.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Så kameratene dø: Den siste flyturen. Vg.no. Vitja 5. september 2020
  2. F-5 - Kjerringøyulykken 1972 omtalt i VG i dag - Ulykken var med F-5`er. Gramsluftfartsblogg.blogspot.com. Vitja 5. september 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]