Bodø kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bodø kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Bodø
Areal 1 395,27 km²
 - land 1 312,27 km²
 - vatn 83 km²
Folketal 53 712  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Odd Emil Ingebrigtsen (H)
Kommunenr. 1804
Kart
Bodø
67°16′0″ N 14°22′0″ E
Wikimedia Commons: Bodø
Nettstad: www.bodo.kommune.no

Bodø kommune er fylkeshovudstad i Nordland fylke. Ein person frå Bodø blir gjerne kalla bodøværing.

I 1968 vart Bodø kommunesamanslegen med Bodin og dekkjer no heile Bodø-halvøya, Væran, Nordstranda, Innstranda, Løding, Kjerringøy (sidan 1984 med Tårnvik) og Saltstraumen. Skjerstad kommune vart 1. januar 2005 innlemma i Bodø. Skjerstad fekk eit eige servicetorg i Misvær for å ivareta trongen for kommunale tenester. Bodø kommune grensar i nordaust mot Sørfold kommune, i aust mot Fauske og Saltdal kommune, og i sør mot Beiarn og Gildeskål kommune.

Namnet Bodø er fyrst kjent frå 1500-talet, som namn på lenet som låg under lensherresetet Bodøgård (som ligg 2-3 km søraust for Bodø sentrum). Det gammalnorske namnet på den garden var Bodin, som truleg er samansett av gammalnorsk boði «bòde, undervass-skjer» (etter bòdane i vika utanfor Bodøsjøen, som er nauststaden til garden) og vin «hamnegang, grasslette». I så fall tyder Bodin «grassletta ved bòde-vika». Dette namnet, som vart uttala «Bådin», med trykk på å-en og tonefall som i «Karin», utvikla seg i folkemålet til Bòddøya («Båddøya»), og Bodø er ei fordansking av den forma.

Bodø sitt kommunevåpen er ei gul sol på raud bakgrunn. Byvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg, og vart vedteke ved resolusjon av regjeringa den 24. juli 1959. Byvåpenet symboliserer at Bodø er den fyrste byen nord for polarsirkelen.

I 2002 vart Nordlands Framtid og Nordlandsposten samansmelta til Avisa Nordland, og er i dag den einaste dagsavisa utgjeven i Bodø.

Tettstader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kultur og natur[endre | endre wikiteksten]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget Bodø/Glimt har spelt i Tippeligaen sidan 1993. Klubben var og det fyrste Nord-Norske laget som vann fotball-NM (1975).

Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Bodø domkyrkje.

Den norske kyrkja har ni kyrkjer og eitt kapell i Bodø; Bodin kyrkje, Bodø domkyrkje, Helligvær kapell, Kjerringøy kyrkje, Rønvik kyrkje, Saltstraumen kyrkje, Tverlandet kyrkje, Skjerstad kyrkje, Misvær kyrkje og Hunstad Kyrkje. Domkyrkja frå 1957 er rekna å vera eit av dei finaste døma på nyare norsk arkitektur, og var ei av dei fyrste kyrkjene i Noreg med frittståande klokketårn. Bodin kyrkje er frå om lag 1240 med interiør frå 1700-talet og Hunstad kyrkje vart ferdigstillt i 2013.

Museum[endre | endre wikiteksten]

Kystbatteriet Nyholmens skanse frå 1808 er restaurert og ope for ålmenta. Salten Museum frå 1903 er ein av dei få bygningane som stod av flyangrepet i 1940. Norsk Luftfartsmuseum opna i 1994. 43 kilometer nord om byen ligg Kjerringøy gamle handelsstad.

Musikkliv[endre | endre wikiteksten]

Nordland Musikkfestuke er den største musikkfestivalen i Nord-Noreg. Bodø internasjonale orgelfestival har vorte arrangert årleg sidan 2002, i samarbeid med det store kyrkjemusikkmiljøet rundt Bodø domkyrkje. Elles har Bodø fleire orkester og kor; av dei kan nemnast Bodø Sinfonietta, Bodø orkesterforening, kammerkoret Con Brio og Rønvik vokalensemble.

Fridthjov Anderssen (1876–1937) utmerkte seg som organist, dirigent og komponist i Bodø.

Bodø fekk nokre av dei første nordnorske jazzorkestra i mellomkrigstida. I 1950-åra vart Bodø Jazzklubb starta og med det starta den meir populærmusikalske utviklinga.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Saltstraumen. Børvasstindane i bakgrunnen.

Saltstraumen, verdas sterkaste tidevasstraum er tvillaust den mest kjende attraksjonen i Bodø kommune. Ikkje langt unna ligg dei mektige Børvasstindane som også er godt synlege frå Bodø sentrum, eit mykje nytta motiv av kunstnarar som Oscar Bodøgaard. Per Karlsatind (1036 m) er kanskje mest kjend, medan Lurfjelltiden (1284 m) er det høgaste fjellet i kommunen. Keiservarden, oppkalla etter keisar Wilhelm II av Tyskland, ligg 366 meter over havet og er kjend for si vide utsikt, der ein mellom anna kan sjå Lofotveggen. Steigtind (793 m) er kanskje det mest særeigne fjellet.

Bodømarka rett utanfor byen er eit mykje nytta turområde.

Øya Landegode er med si karakteristiske form mykje nytta i marknadsføringa av Bodø. I havet utanfor byen ligg fleire befolka øyar, mellom anna Helligvær, Givær og Bliksvær.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Bodø-gate i februar 2005.

Bodø er eit viktig trafikknutepunkt. Bodø lufthamn er ein stor og moderne flyplass to kilometer utanfor sentrum, med fleire daglege avgangar til Oslo og andre norske byar. Bodø er òg endestasjon for Nordlandsbanen, med dagtog og nattog mot Trondheim og lokaltog til Rognan i Saltdal (Saltenpendelen). Riksveg 80 går austover og kjem inn på E6 ved Fauske, medan Fylkesveg 17 (Kystriksvegen) tek av sørover ved Saltstraumen. To av dei lengste riksvegfergestrekningane i Noreg går frå Bodø til Værøy og Røst. Det er daglege bussruter frå Bodø til nord-Sverige og Narvik/Tromsø, og snøggbåtruter til Helgeland og Lofoten, Nordlandsekspressen. Hurtigruta kjem til Bodø to gonger i døgnet, klokka 01:30 for sørgåande skip og 12:30 på nordgåande skip.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ruteplan på sørgående skip». Hurtigruten. Arkivert frå originalen 3. juli 2013. Henta 7. november 2018. 
  2. «Ruteplan på nordgående skip». Hurtigruten. Arkivert frå originalen 23. april 2013. Henta 7. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]