Herbjørg Wassmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Herbjørg Margrethe Wassmo, kjend som Herbjørg Wassmo (fødd 6. desember 1942) er ein norsk forfattar.

Wassom er fødd på Myre i Øksnes kommune i Vesterålen og er utdanna lærar.

Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga Vingeslag i 1976. Det litterære gjennombrotet fekk ho med romanen Huset med den blinde glassveranda i 1981, boka var første del i triologien om Tora, dei andre bøkene i serien heiter Det stumme rommet og Hudløs himmel. For Hudløs himmel fekk Wassmo Nordisk Råds litteraturpris. Serien om den incestutsette tyskarungen Tora vart ein stor publikumssuksess. Det vart også serien om Dina, Dinas bok, Lykkens sønn og Karnas arv. Dinas bok vart i 2002 filmatisert som I am Dina med Maria Bonnevie og Gérard Depardieu i leiande rollar.[1]

Bøkene hennar er vorte omsette til ei rekkje språk.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1976 Vingeslag, diktsamling
  • 1977 Flotid, diktsamling
  • 1981 Huset med den blinde glassveranda, roman
  • 1983 Det stumme rommet, roman
  • 1983 Juni-vinter, skodespel
  • 1984 Veien å gå, dokumentarroman
  • 1985 Mellomlanding, skodespel
  • 1986 Hudløs himmel, roman
  • 1989 Dinas bok, roman
  • 1991 Lite grønt bilde i stor blå ramme, diktsamling
  • 1992 Lykkens sønn, roman
  • 1995 Reiser - fire fortellinger
  • 1996 Hemmelig torsdag i treet, barnebok
  • 1997 Karnas arv, roman
  • 2000 Det sjuende møte, roman
  • 2003 Flukten fra Frank, roman
  • 2006 Et glass melk takk, roman

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]