Kjerubar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein kjerub frå mellomalderen, 1100-talet

Kjerubar er ein kategori englar som er omtalt i Bibelen. Det hebraiske ordet keruvim (hebraisk כרובים) er eit substantiv i fleirtal med usikker tyding. Det tilsvarande akkadiske ordet tyder 'å velsigne, lovprise/.

Kjerubane er nemnde 92 gonger i Bibelen, første gongen i 1. Mosebok 3:24, der vi får høyre at Gud har sett kjerubar med logande sverd til å vakte inngangen til hagen i Eden, etter at Adam og Eva er blitt forviste.

Kjerubar er englar med høg rang. I eit syn som er nedskrive i Esekiels bok følgjer kjerubar Guds himmelvogn.

Figurar som førestilte kjerubar høyrte med til utstyret som israelittane brukte i si tilbeding. På lokket av paktkista var det to kjerubar av hamra gull. På dei innerste teltdukane i tabernaklet og på forhenget til det høgheilage var det brodert bilete av kjerubar.

Kjerubane vert skildra med utsjånad som menneske, med fire andlet og fire venger. Beina deira var rette, føtene likna kalveklover, dei hadde menneskehender, og dei strålte som skinnande bronse. Nokre gonger står det at dei hadde andlet som minna om andleta til menneske og dyr. I Esekiels syn har kvar engel fire andlet, det fyrste var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kjerubar