Klampenborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klampenborg
Søholm rekkjehus. Som mange andre bygningar i Klampenborg er dei teikna av Arne Jacobsen.
Søholm rekkjehus. Som mange andre bygningar i Klampenborg er dei teikna av Arne Jacobsen.
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Hovedstaden
Gentofte kommune
Geografi
Innbyggjarar 68 672
Diverse anna
Postnummer 2930

Klampenborg er ein forstad til København som ligg ved Øresund mellom Taarbæk og Skovshoved opp mot Dyrehavsbakken. I Klampenborg ligg mellom anna Bellevue strand, Bellevue Teatret, Klampenborg galoppbane og Bellavista bustadområde. Staden har eigen stasjon på Kystbanen, med samband til S-banen, lokaljernbanen i københavnområdet.

Det første kurbadet i Danmark, Klampenborg Vandkur- Brønd- og Søbadeanstalt, opna her i 1845.[1][2] Jernbanestasjonen opna i 1864. Frå 1896 til 1973 blei det populære Bellevue Strandhotel drive her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Klampenborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]