Zulu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Zulu (fleirtyding).
Zulu
isiZulu
Klassifisering Niger-kongospråk
 Atlantisk
  Volta-kongo-språk
   Benue-kongo-språk
    Bantoid
     Sørleg
      Eigentleg bantuspråk
       Nguni
        Zulu
Bruk
Tala i  Sør-Afrika
 Eswatini
 Lesotho
 Malawi
Zulutalande i alt 9 563 000[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i  Sør-Afrika
Språkkodar
ISO 639-1 zu
ISO 639-2 zul
ISO 639-3 zul
Wikipedia på zulu

Zulu, òg kjend som isiZulu, er eit bantuspråk i niger-kongofamilien som vert tala av om lag ni millionar menneske kjende som zuluar. Fleirtalet av dei (over 95 %) bur i Sør-Afrika. Språket er det som blir forstått av flest folk i landet, over halvparten av innbyggjarane (Ethnologue 2005), og blei i 1994 eitt av elleve offisielle sørafrikanske språk. Ein snakkar òg zulu i Malawi, Mosambik og Eswatini.

Prosentmessig del av folkesetnaden som snakkar zulu i ulike delar av Søra-Arika.
██ 0–20% ██ 20–40% ██ 40–60% ██ 60–80% ██ 80–100%

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Zulu er eit tonespråk. Zulu er også kjend for å ha klikkelydar. Zulu har ein dental, ein alveolar og ein lateral klikk, dei blir skrive 'c, q, x.

Zulu er eit agglutinerande SVO-språk og høyrer til språkfamilien nguni. I M. Guthrie sitt klassifiserintgssystem høyrer zulu til sone S.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Den kjende historia til språket er knapp, men det finst vitnemål om språket frå 1500-talet. Zuluane kom til dagens Sør-Afrika rundt 1300-talet. Som xhosaene, som hadde innvandra under tidlegare bølgjer av bantuekspansjonen, tok zulu opp mange lyder frå språka til khoisan- og sanfolk. Dette har ført til at både zulu og xhosa har klikk-konsonantar lik desse språka.

Som alle andre sørafrikanske språk var zulu berre eit talespråk fram til europeiske misjonærar kom til området. Den første grammatikken over zulu blei utgjeven i Noreg i 1850 av den norske misjonæren Hans Schreuder.[2] Det første dokumentet skrive på zulu var ei bibelomsetjing frå 1883. I 1901 oppretta John Dube, ein zulu frå Natal, Ohlange Institute, den første innfødde utdanningsinstitusjonen i Sør-Afrika. Han var også forfattaren av Insila kaShaka, den første romanen skriven på zulu.

Utviklinga til skriftspråket vart styrd av Zulu Language Board i KwaZulu-Natal fram til dette blei erstatta av Pan South African Language Board, som tek for seg alle dei offisielle språka i Sør-Afrika.

Lydlære[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Fremre Sentral Bakre
Lukka i u
Midtre e o
Open a
IPA Eksempel (IPA) Eksempel (orto.) Tyding Merknader
[i] [ˈsiːza] -siza «hjelpe» Uttalt som i-en i ordet rik
[u] [uˈmuːzi] umuzi «landsby» Uttalt som o-en i ordet mor
[e] [umgiˈɓeːli] umgibeli «passasjer» «e» vert uttalt [e] når han kjem etter ei staving som inneheld «i» eller «u» eller kjem til slutt
[ɛ] [ˈpʰɛːɠa] -pheka «lage mat» «e» vert uttalt [ɛ] andre stader.
[o] [umaˈɠoːti] umakoti «brur» «o» vert uttalt [o] når han kjem etter ei staving som inneheld «i» eller «u» eller kjem til slutt
[ɔ] [ɔˈgɔːgo] ogogo «bestemor» «o» vert uttalt [ɔ] andre stader.
[a] [ˈdaːda] -dada «pusle» Uttalt som «mama» på engelsk

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Labial Dental/alveolar Postalveolar Velar Glottal
sentral lateral
Klikk vanleg [ǀ] [ǁ] [ǃ]
aspirert [ǀʰ] [ǁʰ] [ǃʰ]
depressor [ᶢǀʱ] [ᶢǁʱ] [ᶢǃʱ]
nasal [ᵑǀ] [ᵑǁ] [ᵑǃ]
depressor-nasal [ᵑǀʱ] [ᵑǁʱ] [ᵑǃʱ]
Nasal plain [m] [n] [ɲ] [ŋ]
depressor [m̤] [n̤] [ɲ̈] [ŋ̈]
Plosiv vanleg [pʼ] [tʼ] [kʼ]
aspirert [pʰ] [tʰ] [kʰ]
depressor [b̤] [d̤] [ɡ̈]
implosiv [ɓ] [ɠ]
Affrikat vanleg [tʃʼ] [kxʼ]
depressor [dʒ̈]
Frikativ vanleg [f] [s] [ɬ] [ʃ] [h]
depressor [v̤] [z̤] [ɮ̈] [ɦ̤]
Approksimant vanleg [l] [j] [w]
depressor [ȷ̈] [w̤]

Konsonantane markert med trema (to prikkar) er depressor-konsonantar som påverkar tonen til stavinga si.

Klikkelydar

Zulu har tre klikkelydar:

  • c: dental (som ein smattar på norsk når noko er gale/synd)
  • q: alveolar (som ei flaske som opnar med eit «pop»)
  • x: lateral (som ein smattar på hestar)
Uttalt Eksempel (IPA) Eksempel (skrive) Tydig Merknader
ǀ [iːˈǀiːǀi] icici øyrering
[ǀʰ] [úɠuˈǀʰáːza̤] ukuchaza å forklara/fasinera
[ᶢǀʱ] [ísiᶢǀʱǐ̤ːno] isigcino ende
ᵑǀ [iᵑǀwáːᵑǀwa] incwancwa syrna maismjøl
[ᵑǀʱ] [iᵑǀʱǒ̤ːsi] iconsi drope
ǃ [iːǃáːǃa] iqaqa ilder
[ǃʰ] [iːǃʰúːde̤] iqhude hane
[ᶢǃʱ] [umᶢǃʱi̤ɓɛ́ːlo] uMgqibelo laurdag
ᵑǃ [iᵑǃɔ́ːla] inqola vogn
[ᵑǃʱ] [iᵑǃʱɔ̤̌ːndo̤] ingqondo hjerne
ǁ [iːǁɔ́ːǁo] ixoxo frosk
[ǁʰ] [úɠuǁʰáːsa] ukuxhasa å støtta
[ᶢǁʱ] [úɠuᶢǁʱɔ̤̌ːɓa] ukugxoba å trampa
ᵑǁ [iᵑǁɛ́ːɓa] inxeba sår
[ᵑǁʱ] [iᵑǁʱɛ̤̌ːɲe] ingxenye del

Språkdøme[endre | endre wikiteksten]

Under følgjer ei liste enkle uttrykk som kan brukast om ein vitjar eit zuluspråkleg område.

Sawubona Hei til éin person
Sanibonani Hei til ei gruppe
Ngiyabonga (kakhulu) (Tusen) takk
Hamba kahle/Sala kahle Ha det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') (Brukt ved avskjed. Personen som blir verande ein stad seier «hamba kahle» og personen som forlét han «sala kahle»)
Hambani kahle/Salani kahle Ha det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') for ei gruppe folk
Eish! Wow! (utrop ved sjokk/overrasking, også brukt i sørafrikansk engelsk)
Hhayibo Nei!/Stopp!/Ikkje! (også brukt i sørafrikansk engelsk)
Yebo Ja
Cha Nei
Angazi Eg veit ikkje
Ukhuluma isiNgisi na? Snakkar du engelsk?
Ngisaqala ukufunda isiZulu Eg har nett byrja lære zulu
Uqonde ukuthini? Kva meiner du?

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue-tal frå 1996
  2. Rakkenes, Øystein (2003). Himmelfolket: En norsk høvding i zululand. Oslo: Cappelen Forlag. s. 63–65.  Oppgjeve av bokmålswikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]