Klintehamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°23′0.82680″N 18°11′50.924″E Klintehamn er ein svensk tettstad i Gotlands kommun i Gotlands länGotland. I 2005 hadde tettstaden 1 407 innbyggjarar.

Klintehamn har, som namnet indikerer, ei hamn som i dag fungerer som utskipingshamn for tømmer og flis. I hamna ligg den største arbeidsgjevaren på staden, Lantmännens fôrfabrikk. I Klintehamn er det òg næringsmiddelindustri. Foodmark produserer bl.a potetsalat her. På 1800-talet var det skipsverftet, kalkomnar og eit brennevinsbrenneri i Klintehamn.

Klintehamn er ein populær feriestad med fleire overnattingshøve. Her finn ein pensjonat, vandrarheim og rom til leige. Frå Klintehamn går det båt til Stora Karlsö og Lilla Karlsö. Eit populært område for utflukter er Klinteberget med milevid utsikt. I slutten av mai og byrjinga av juni kan ein her sjå den sjeldne og freda raud skogfrue blomstre.

Den største marknaden på Gotland vert halden i Klintehamn den siste laurdagen i september kvart år, med fleire tusen vitjande.

Klintehamn har hatt eit rikt idrettsliv med samskipnader som IK Tjelvar med friidrett som største idrettsgrein. Klubben har fostra landslagsmenn som 10 000 m-løparen Torgny Björkvist, tresteghopparen Tor Broström, hinderløparen Örjan Samuelsson og lengdehopparen Göran Norrby. I dag er verksemda til klubben praktisk talt nedlagt, medan derimot Klintehamns IK er særs aktiv, med fotball som hovudaktivitet.

I periodar har Klintehamn hatt ferjesamband med Grankullavik og ByxelkrokÖland og dessutan Oskarshamn, Västervik og Oxelösund. Per 2008 er det berre båten til Stora Karlsö som har passasjertrafikk til Klintehamn om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]