Kobozja
| Kobozja | ||
| Utspring | Belikojesjøen | |
| Munning | Mologa | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 184 km | |
| Middelvassføring | 19,5 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 2 660 km² | |
Kobozja (russisk Кобожа) er ei elv i Novgorod og Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Mologa frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Elva er 184 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 660 km². Middelvassføringa hennar er 19,5 m³/s.
Landsbyen Kabozja ligg ved elva. Dei største sideelvane hennar er Levotsjka og Tsjornaja frå høgre.
Kobozja spring ut frå Belikojesjøen aust i Novgorod oblast og munnar ut i Mologu like ovanfor byen Ustjuzjna. Elva renn først nordover gjennom skogområde og er 10-15 meter brei. Ei demning er bygd over elva ved Kabozja. I nedre del er Kobozja vorte 30-40 meter brei og breidda er meir prega av grassletter og sand. I munningen ligg øya Kobozji Mologe.
Elva er ei populær turistelv for både fisking og vassport.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Кобожа» frå Wikipedia på russisk, den 23. oktober 2008.