Kompletorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kompletorium (frå latin, eigentleg 'avslutting') er ei tidebøn som vert beden som ei liturgisk kveldsbøn før leggjetid.

Liturgi[endre | endre wikiteksten]

Under nemninga kveldbøn har denne tidebøna fått plass i Gudstenestebok for den norske kyrkja. Liturgien for denne kveldsbøna inneheld følgjande ledd:

  1. Innleiing
  2. Kveldssalme
  3. Syndsvedkjenning
  4. Bibelske salmar – ein tillitssalme frå salmane i Det gamle testamentet
  5. Tekstlesing
  6. Etter tekslesinga kan ein syngje ein svarsalme, vere stille eller ein kan halde ein stutt tekstmeditasjon
  7. Simeons lovsong (Nunc dimittis) – dette leddet er spesielt for kveldsbøna
  8. Bøn; gjerne ei kollektbøn
  9. Herrens bøn
  10. Overgiving i Guds hender
  11. Avslutning – lovprising, velsigning og evt postludium.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]