Simeons lovsong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Simeons lovsong, latin Nunc dimittis etter opningsorda, er ein bibelsk salme som står i Evangeliet etter Lukas, 2,29-32. [1]

Denne salmen høyrer med i den siste tidebøna for kvelden, kompletoriet. Mange komponistar har tonsett Nunc dimittis, blant dei Henry Purcells og C.H. Stanford.

Lukas fortel om Simeon, ein rettvis og gudfryktig mann i Jerusalem. Den heilage ande hadde late få vite at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. [2]Josef og Maria tok den førti dagar gamle Jesus med seg til tempelet slik skikken var etter moselova, tok Simeon barnet i armane sine og sa fram denne lovsongen.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Den greske omsetjinga av teksten ser slik ut:

Nῦν ἀπολύεις τὸν δοῦλόν σου, δέσποτα, κατὰ τὸ ῥῆμά σου ἐν εἰρήνῃ,
ὅτι εἶδον οἱ ὀφθαλμοί μου τὸ σωτήριόν σου,
ὃ ἡτοίμασας κατὰ πρόσωπον πάντων τῶν λαῶν,
φῶς εἰς ἀποκάλυψιν ἐθνῶν καὶ δόξαν λαοῦ σου ᾿Ισραήλ.

Til latin er teksten omsett slik:

Nunc dimittis servum tuum, Domine Secundum verbum tuum in pace:
Quia viderunt oculi mei salutare tuum
Quod parasti ante faciem omnium populorum:
Lumen ad revelationem gentium, et gloriam plebis tuae Israel.

I Studentmållagsbibelen (1921), den fyrste komplette bibelomsetjinga til nynorsk, lyder lovsongen:

«Herre, no gjev du din tenar heimlov, som ordet ditt lydde, og let han fara i fred!
For no fekk auga mitt skoda di frelsa,
som du hev skipa til for åsyni åt alle folk,
eit ljos som for heidningarn’ lyser, ein herlegdom og ei æra for Israel, folket ditt eige.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Cappelens musikkleksikon (1980), red. Kari Michelsen, ISBN 82-02-03690-9
  • Latinsk og gresk tekst ettes svensk wikipedia.

Referansar[endre | endre wikiteksten]