Tidebøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tidebøn er ei bøn som vert beden til faste tider i løpet av dagen. I kristen liturgi er tidebøn ei av to hovudformer for gudsteneste.

Tidebøner i katolsk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Tidebøn, (officium divinum) er i Den katolske kyrkja den offisielle bøna utanom nattverden. Tidebønene har ein fast liturgi, sett saman av bibelske salmar frå Det gamle og Det nye testamentet, lesingar frå Bibelen og bøner.[1]

Det er i tradisjonen sju tidebøner: laudes (morgon), prim, ters, sext (den sjette time, dvs klokka tolv), non (den niande time, dvs kl 15), vesper (når mørkret bryt fram) og kompletorium (ved leggjetid]]. I tillegg kjem matutin (eigentleg nattebøn). Talet på tidebøner er sett i samanhang med Salme 119 vers 164: «Sju gonger om dagen prisar eg deg» [2] og 62 «Midt på natta står eg opp og prisar deg».[3]

Eit breviarium, eller ei tidebønebok, inneheldt tidebønene for søndagar, vekedagar og kyrkjehøgtider gjennom året. I mellomalderen vart kyrkjene pålagde å ha slike handbøker for å sikre at feiringa gjekk rett for seg. [4]

I moderne tradisjon har prim falle bort, og matutin kan ein be når som helst i løpet av døgeret. Morgonbøna laudes og kveldsbøna vesper er rekna som dei to krumtappane blant tidebønene. [5]

Tidebøner i luthersk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Det eldste innhaldet i tidebøna er skriftlesing og bøn, men tidleg fekk lesing frå Salmane i Det gamle testamentet ein viktig plass i gudstenesta. Som messene utvikla òg tidebønsgudstenestene ein fast struktur, sannsynlegvis med røter i jødiske bøner til bestemte tider på dagen. Tidebønene vart utvikla vidare i klostra. Etter reformasjonen heldt ein først og fremst på morgonbøna og kveldsbøna, då som gudsteneste i byane, og som husandakt i heimen.

I Gudstenestebok for Den norske kyrkja er det tre tidebøner: Morgonsong (laudes), Aftansong (Vesper) og Kveldbøn (kompletorium). [6]

Ein treng ikkje nokon fast liturgi for at bøner skal bli rekna som tidebøner, men dersom tidebønene vert bedne i fellesskap, er det vanleg å lage ein liturgi som bruker bøner henta frå Bibelen.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]