Kongsberg Gruppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kongsberg Gruppen (sic) ASA OSE: KOG er eit norsk selskap som utvilar og produserer sivilt og militært høgteknologisk utstyr. KOG har verksemder på 40 plassar, i 24 forskjellige land. Selskapet har tilsaman rundt 4000 tilsette. Av desse er om lag 900 tilsette i Noreg. KOG er sett saman av to driftselskap: Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) og Kongsberg Maritime (KM), begge med hovudkontor i Kongsberg.

KDA produserer militært utstyr og romsystem, medan KM utviklar og produserer avansert maritimt elektronisk utstyr, som vert nytta i fiskebåtar, forsyningsskip, boreskip, tankskip og fritidsbåtar.

Histori[endre | endre wikiteksten]

KOG har røter tilbake til 1814, då Kongsberg Vaabenfabrik (KV) vart stifta. Føremålet med selskapet var å produsera våpen til det norske militæret. Fram til 1948 var KV eit statseigd selskap, under Forsvarsdepartementet. Etter dette vart KV omorganisert som eit statsaksjeselskap.

I 1974 stifta KV eit dotterselskap i Kanada, med namnet Kongsberg Mesotech Ltd. Føremålet med dette selskapet var å produsera undervassovervåkingssystem.

I 1987 vart selskapet omstrukturert og alle sivile avdelingar vart skilde ut som eigne selskap. Det som var att av KV fekk namnet Norsk Forsvarsteknologi (NFT).

I 1996 vart selskapet notert på Oslo Børs og namnet vart, på trass av at det strir mot norske orddelingsreglar, endra til Kongsberg Gruppen ASA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]