Sergej Prokofjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sergej Prokofjev i New York, 1918

Sergej Sergejevitsj Prokofjev (russisk: Сергей Сергеевич Прокофьев) (23. april 18915. mars 1953) var ein sovjet-russisk komponist som blir rekna som ein av dei største komponistane på 1900-talet.

Av dei mest kjende verka hans kan nemnast Marsj frå operaen Kjærleik til tre appelsinar, suiten Løytnant Kijé, ballettane Romeo og Julie og Peter og ulven. Han skreiv blant mykje anna fem pianokonsertar, ni fullenda pianosonatar og sju symfoniar.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Prokofjev forklarte sjølv stil sin som samansett av fire grunnlinjer. Den «klassiske linja» stamma på den eine sida frå ei interesse for historiserande element, som gamle dansar, på den andre kom det til uttrykk ved at han heldt fast ved tradisjonelle former. Verkeleg neoklassisistisk skreiv han berre i sin Klassiske symfoni, da han såg på neoklassisisme som ein måte å unngå eit eige tonespråk. Den «moderne linja» var eit uttrykk for ei interesse for dristig harmonikk, dissonans og uvanlege akkordkombinasjonar. Til ei viss grad førde dette musikken til yttergrensa for tonal musikk. Det tredje var den «motoriske linja». Mange av verka er kjenneteikna av ein markant rytmikk og vill motorikk. I motsetnad til dette står den «lyriske linja». Det lukkast stadig Prokovjev å skape augneblinkar av tørr lyrikk og stille resignasjon og komponere uttrykksterke melodiar. Dessutan kan ein legge til at humor og ironi spelte ei viktig rolle i komposisjonane hans. Ellers har orkesterverka til Prokovjev ein distinkt klang kjenneteikna av ein uvanleg orkestrering, til dømes ved at fiolin og tuba spelar unisono.

Trass i denne kontinuiteten er det mogleg å sjå tre skaparperiodar. Den første blir ofte kalla «den russiske perioden» da det gjeld verk han skreiv før han ei tid budde i eksil. Verka frå denne perioden er kjenneteikna av særmerkte rytmar, skarpe dissonansar, «sarkastisk» humor og stor vital kraft. Sjølv om han heilt har brote med den seinromantiske tradisjonen, er ikkje stilen heilt lausrive frå den musikalske fortida, spesielt er ikkje tonaliteten sprengd. Trass i dette førde nokre av verka frå denne perioden til skandale, til dømes den skytiske suiten. Etter nokre meir nedtona verk i overgangen (1. fiolinkonsert, 3. klaverkonsert) blei tonespråket i den andre perioden, den såkalla «utanlandsperioden» frå 1918, meir moderne. Prokovjev overskrid til tider tonaliteten i desse verka, men er likevel ikkje like modernistisk som enkelte andre samtidige komponistar. Frå begynnelsen av 1930-åra kjem det eit enda tydelegare stilskifte. Den gjekk føre seg mens han budde i Sovjetunionen og vert derfor kalla den «sovjetiske perioden». Prokovjev var overtydd om at han måtte skrive musikk som fylte eit samfunnsmessig oppdrag. Resultatet var ein enklare harmonikk og klarare melodikonturar. Han la seg tettare opp mot den russiske folkemusikktradisjonen og musikken blei meir forståeleg og tilgjengeleg. Tonaliteten var meir fastlagd og han la vekt på ein utarbeidd polyfoni. Under den andre verdskrigen blei tonespråket igjen skarpare, noko som straks førde til kritikk frå maktapparatet. Seinare forenkla Prokovjev stilen enno meir. Kjenneteikn ved dei siste verka er ei brei melodiføring, ein lyrisk dåm, stille resignasjon og eit nesten romantisk tonefall.

Sovjetisk frimerke, 1991

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 5 klaverkonsertar
  • 2 fiolinkonsertar
  • cellokonsert
  • 7 symfoniar, mellom anna Symfoni nr. 1, «Den klassiske»
  • solosonate for fiolin
  • Romeo og Julie (ballett)
  • Peter og ulven (symfonisk dikt for forteljar og orkester)
  • Visions Fugitives (klaver)
  • 9 pianosonatar
  • Askepott (ballett)
  • Krig og Fred (opera)
  • Den brennande engelen (opera)
  • Kjærleik til tre appelsinar (opera)
  • Ivan den grusomme (filmmusikk)
  • Aleksander Nevskij (filmmusikk)
  • Steinblomen (ballett)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sergej Prokofjev