Konventikkelplakaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konventikkelplakaten var ei lov som vart oppretta 13. januar 1741 og gjorde det ulovleg for ein predikant å halda gudelege forsamlingar – konventiklar – utan godkjenning frå soknepresten. Lova vart oppheva i 1842 og dette la grunnlaget for forsamlingsfridommen her i landet.

Lova var i utgangspunktet eit forsøk frå staten si side på å knebla dei radikale pietistane, som ikkje ville la seg binda av kyrkja sitt krav om einskap, men heldt frie møte utan godkjenning frå soknepresten. Med lova prøvde ein å bevara einskapen i kyrkja. Men vekkingsrørslene på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet let seg ikkje stoppa. Predikanten Hans Nielsen Hauge vart særleg kjend for kampen mot konventikkelplakaten.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.