Kristian VI av Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian VI
Kristian VI av Danmark-Norge
Norsk konge: 1730-1746
Dansk konge: 1730-1746
Valspråk: For Gud og folket
Etterfylgde Frederik IV
Vart etterfylgd av: Frederik V
Fødedato: 1699
Fødestad:
Dødsdato: 6. august 1746
Gravstad: Roskilde domkyrkje
Ektefelle: 1721 Sophie Magdalene av
Brandenburg-Kulmbach
Born: Frederik

Kristian VI eller Christian VI, (30. november 16996. august 1746) av fyrstehuset Oldenburg, var konge av Danmark og Noreg frå 1730 til 1746.

Han var son av kong Frederik IV og Louise av Mecklenburg-Güstrow og vart fødd i 1699. Sonen vart så forarga av faren si kvinneglade framferd at han tok frå enkedronning Anna Sofie mestedelen av formua ho arva. Ho var den andre kona til Frederik IV. Ho vart forvist til Clausholm, der kongen i si tid lét henne bortføra frå. I 1721 gifta Christian seg med Sophie Magdalene av Brandenburg-Kulmbach.

Regjeringstida var prega av økonomisk attendegong med uår og dårlege økonomiske tider. Den danske landmilitsen vart oppheva i 1730 for å letta på børa. Mange bønder nytta den nye fridomen til å flytta til byane og sleppa det umenneskelege hoveriarbeidet under tyranniske herremenn. Under hardt press frå godseigarane, som mangla arbeidskraft, vart stavnsbåndet innført i 1733. Stavnsbåndet gjorde det ulovleg for bønder mellom 14 og 36 år å forlata godset dei var fødde på. Bøndene vart kvitt det forhatta stavnsbåndet fyrst 55 år seinare. For å sikra høge prisar på dansk korn vart det i 1735 gjennomførd eit forbod mot kornimport. Det gjekk særleg ut over Noreg, som var og er avhengig av å importera korn.

Kristian VI er gravlagd i Frederik Vs kapell i Roskilde domkyrkje. Sarkofagen i marmor vert laga av bilethoggaren Johannes Wiedewelt i 1760–1768.[1]
Foto: FaceMePLS

I motsetnad til den reiselystne faren heldt den tungsindige og religiøse Christian VI seg stort set heime. Ei enkelt gong reiste han til Noreg og hertugdøma. Religiøsiteten medførte mellom anna at han la ned forbod mot underhaldning og moroskap på sundagar. I 1735 sende Christian VI ut ei forordning om heilagdagar. Kyrkjegong vart tvunge. Dei som ikkje levde opp til plikta vart ilagt bøter eller sett til opphald i gapestokken. Kong Christian VI var av natur sky og inneslutta natur, og han heldt seg vekke frå ålmenta. Med tida stivna hoffet i keisemd. Musikken var religiøs, ein dansa ikkje. Kongen deltok ikkje ofte i kongeleg jakt av religiøse og helsemessige grunnar. Frå 1734 til 1736 lét kongen den unge hofbyggmeister Lauritz de Thurah byggja barokkslottet Eremitageslottet i Jægersborg Dyrehave som jaktslott. For å understrekja eineveldet sitt verd lét Christian VI byggja fleire prestisjebygg, mellom desse det fyrste Christiansborg. Byggjeverksemda vart finansiert av Øresundtollen, men var med på å underminera statsfinansane. I 1736 vart forløparen for den danske Nationalbanken, den seddelutgjevande Kurantbanken oppretta. Tanken bak var å fremja vareomsettinga.

Christian VI døydde 6. august 1746, berre 46 år gamal. Han vart gravsett i Roskilde Domkyrkje og vart etterfylgd av son sin, Frederik V

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannes Wiedewelt fra Weilbachs kunstnerleksikon

Etterfylgde:
Frederik IV

Sjå òg
Liste over norske monarkar

Etterfylgjar:
Frederik V