Hans Nielsen Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Obelisk med Hans Nielsen Hauge
Sjå òg filmen Hans Nielsen Hauge

Hans Nielsen Hauge (3. april 177129. mars 1824) var ein lekpredikant frå Tune i Østfold. Foreldra var Niels Mikkelsen Evenrød (1732–1813) og Maria Olsdatter Hauge (1735–1811).

Han er kjend som stiftaren og leiaren av «haugerørsla».

Då Hauge var 25 år fekk han sitt «åndelege gjennombrot». Ein dag han var ute på åkeren og song på salmen «Jesus, din søde forening at smage» mens han pløgde, kjente han det som om «Guds kjærleik besøkte han». Etter dette byrja han som predikant. Han fokuserte på ei lære om det personlege gudsforhold og ein nøktern og arbeidssam livsførsel. I åra frå 1797 til 1804 gjekk han frå stad til stad, og medan han gjekk, strikka han.

På dei gardane han fekk husrom hjelpte han til litt og samla dei som budde på garden og nabogardane til andakt. Dette var eigentleg ikkje lovleg. Dette var på grunn av «konventikkelplakaten» frå 1741, som forbaud lekfolk å halde oppbyggjelege møte utan godkjenning frå soknepresten. Han vart gjentekne gonger arrestert, på det meste ti gonger på sju år. I 1804 vart det reist ei stor og omfattande sak mot han, og han sat til slutt i fengsel fram til 1811 og måtte betale ei bot på 1000 riksdalar. Etter dette slutta han med reiseverksemda, men i 1813 vart han dømd til to års slaveri.

I dei 18 åra han var predikant og utanfor fengselet, gav han ut 33 bøker. I tillegg hjelpte han folk med å drive handel og industriføretak. Ein kan seie at kristendomssynet til Hauge var pietistisk, men han la større vekt på å tene Gud med praktisk arbeid enn pietismen tradisjonelt gjorde.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!