Kosttilskot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kosttilskot eller kosttilskott er næringsmiddel i form av til dømes vitaminprodukt, mineral, omega-3-oljer, slankemiddel, proteindrikkar og proteinpulver, restitusjonsprodukt og naturmiddel. Kosttilskot er konsentrasjonar av vitamin, mineral eller andre stoff som er meint å skulle takast som eit supplement til den daglege kosten, og som har ein ernæringmessig eller fysiologisk effekt. Det er meininga at kosttilskott berre skal takast i små mengder, og vert difor selt i ferdigpakka doser.

Dersom ein har eit variert og sunt kosthold i samsvar med tilrådingane frå helsestyresmaktene, er det ikkje naudsynt å take kosttilskott. Då får ein i seg dei næringsstoffa som kroppen treng. Men folk med særskilde diagnosar eller tilstandar kan trenge kosttilskott dersom kosthaldet er mangelfullt eller einsidig og/eller blodprøver har avdekka spesielle manglar.

Overdosering[endre | endre wikiteksten]

Overdosering av kosttilskott, eller inntak fleire typar kosttilskott med same næringsstoff, kan gje helseskader. Difor viktig at ein vurderer i samarbeid med lege om kosttilskott trengs.​​ I regelverket for kosttilskott er det fastsett maksimumsgrenser for kor mykje vitamin og mineral eit kosttilskott kan innehalde for den døgndosen som er oppgjeve. Maksimumsgrensa skal trygge at kosttilskottet kan nyttast uten risiko for helseskadar. Det kan til dømes vere skadeleg å få i seg for mykje vitamin. Får eit vaksent menneske i seg meir enn 100 mikrogram vitamin D per dag, er det risiko for at det vert for mykje kalsium i blodet. Dette kan mellom anna føre til forstyrringar i hjarterytmen, muskelveikskap, depresjon, kvalme og oppkast. Dersom gravide kvinner har eit for høgt inntak av vitamin A (retinol), kan det mellom anna gi risiko for medfødde skadar hjå barnet (for eksempel kløyvd leppe, open gane og hjarteforstyrringar) og osteoporose (skjøre knoklar). Difor er det fastsett ei øvre grense for vitamin A på 3000 mikrogram per dag. Kvinner etter overgangsalderen har auka risiko for osteoporose, og bør avgrense inntaket av vitamin A (retinol) til 1500 mikrogram per dag.

Mattilsynet[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det Mattilsynet som har ansvaret for kosttilskott, då kosttilskott er rekna som næringsmiddel. Difor høyrer slike produkt inn under Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. Kosttilskott er likevel eit produkt som grenser opp mot legemiddel. Dersom til dømes vitamindosen er høgare enn det som er tillate å ha i kosttilskott, vert produktet rekna som legemiddel. Då høyrer produktet inn under eit mykje strengare regelverk for sal og bruk, og det kan verte krav om resept frå lege for at det kan seljast og brukast. Som legemiddel vert elles rekna alle stoff, droge eller preparat som vert utgjeve som egna til å førebygge, lækje eller lindre sjukdom, sjukdomssymptom eller smerter, eller påverke fysiologiske funksjoner hos menneske eller dyr; eller kan gjevast til menneske eller dyr for å gjenopprette, endre, eller påverke fysiologiske funksjoner ved farmakologisk, immunologisk eller metabolsk verknader, eller for å påvise sjukdom. Produkt som ikkje har nokon fysiologisk effekt kan såleis klassifiserast som legemiddel dersom det er knytt slike medisinske påstandar til det.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]