Krabbetåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av Krabbetåka

Krabbetåka (katalogisert som M1, NGC 1952 og Taurus A) er ein supernovarest som ligg i stjernebiletet Tyren rundt 6500 lysår unna jorda.

Krabbetåka blei første gong observert i 1731 av den engelske astronomen John Bevis,[1] men supernova SN 1054, som er rekna som opphavet til krabbetåka, blei observert av kinesiske astronomar allereie i 1054.[2]

I midten av Krabbetåka ligg det ein pulsar,[2] ei hurtigroterande nøytronstjerna. Pulsaren er i lag med krabbetåka det som er att av den opphavlege stjerna som eksploderte.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «John Bevis (November 10, 1695 - November 6, 1771» - biologien til John Bevis på www.seds.org
  2. 2,0 2,1 «Factsheet: The Crab Nebula – perhaps most the interesting object in our night sky » - fakta om Krabbetåka på heimesida til Hubble-prosjektet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krabbetåka