Lyman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Krasnyj Lyman)
Lyman
ukrainsk Лиман
by
Jernbanestasjonen i Lyman
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Høgd 107 moh.
Koordinatar 49°39′N 38°21′E
Areal 20 km²
Folketal 23 307  (2011)
Grunnlagd 1667
 - Bystatus 1938
Postnummer 84400-84409
Kart
Lyman
48°59′10″ N 37°48′40″ E
Wikimedia Commons: Lyman (city)
Nettstad: Лиманська міськрада

Lyman (ukrainsk Лиман), kalla Krasnyj Lyman (ukrainsk Красний Лиман, 'Raude Lyman') frå 1925 til 2016,[1] er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Fram til 2016 var byen òg det administrative senteret i Lyman rajon, sjølv om han ikkje var ein del av rajonen. Byen er framleis senter i Lyman hromada.[2][3] I 2011 hadde han eit folketal på 23 307.[treng kjelde]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd på 1600-talet av kosakkar som Liman (Lyman). Han fekk tilnamnet Krasnyj ('Raud') i 1925. Namnet vart endra tilbake til Lyman i 2016.

Under den administrative reforma som vart sett i verk i 1708 av Peter den store, vart Lyman eksplisitt nemnd som ein av byane som høyrde inn under Azov gubernija.[4][5]

Under den russiske invasjonen av Ukraina 2022 vart store delar av byen øydelagd av russiske og pro-russiske åtak med bombefly, rakettar og artilleri, før byen vart okkupert 27. mai.[6] Ved inngangen til oktober 2022 tok ukrainske styrkar byen tilbake.[7]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I følgje folketeljinga i 2001 hadde Lyman denne folkesetnaden:[8]

Etnisk samansetting

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rada de-communized Artemivsk as well as over hundred cities and villages» (på ukrainsk). Pravda.com.ua. 4. februar 2016. Henta 4. februar 2016. 
  2. «Dovidnyk «Ukrayina. Administratyvno-terytorial'nyy ustriy». Donets'ka oblast'. 2. Naseleni punkty Donets'koyi oblasti. Mista oblasnoho znachennya (stanom na 01.06.2018)» Довідник «Україна. Адміністративно-територіальний устрій». Донецька область. 2. Населені пункти Донецької області. Міста обласного значення (станом на 01.06.2018) [Cataloque «Ukraine. Administrative-territorial structure». Donetsk Oblast. 2. Settlements of Donetsk Oblast. Cities of regional significance (as of 2018-06-01)] (RTF) (på ukrainsk). 1. juni 2018. Henta 23. juni 2018. 
  3. «Lymans'ka hromada» Лиманська громада [Lyman Community]. Portal of United Territorial Communities of Ukraine (på ukrainsk). June 1, 2018. Henta 23. juni 2018. 
  4. Указ об учреждении губерний и о росписании к ним городов (ru)
  5. Архивный отдел Администрации Мурманской области. Государственный Архив Мурманской области. (1995). Административно-территориальное деление Мурманской области (1920-1993 гг.). Справочник. Мурманск: Мурманское издательско-полиграфическое предприятие "Север". s. 19–20. 
  6. «Russland har tatt kontroll over strategisk viktig by: Satellittbilder viser skadene», VG, 28. mai 2022
  7. «Ukraine war: Russian troops forced out of eastern town Lyman». BBC News (på engelsk). 2. oktober 2022. 
  8. Національний склад та рідна мова населення Донецької області. Розподіл постійного населення за найбільш численними національностями та рідною мовою по міськрадах та районах [National composition and native language of the population of Donetsk region. Distribution of the permanent population by the most numerous nationalities and native language by city councils and districts] (på ukrainsk), arkivert frå originalen 7. februar 2012