Krigskrossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krigskorset.JPG

Krigskorset, Krigskrossen vart innstifta ved kongeleg resolusjon av 23 mai 1941 (med endring av kgl. res. av 18 mai 1945) til løn for personleg innsats i kamp eller liknande til norske eller utanlandske sivile og militære som under krig på særleg framragande måte har utmerkt seg ved personleg tapperhet eller ved leiinga av troppeavdeling, fartøy eller flyavdeling. Krigskrossen rangerar framfor alle andre ordenar og medaljar og vert delt ut av Kongen i statsråd. Dekorasjonen er Olavskrossen i bronse med riksvåpenet i midten av krossen og med band i fargane til flagget forsynt med eitt eller fleire sverd. Etter 1945 er alle tildelingar med sverd.