Det norske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det norske riksvåpenet til bruk i staten, innført 1937, teikna den gong av Hallvard Trætteberg og seinare bearbeidd av Sverre Morken.
Riksvåpenet teikna av Eilif Peterssen i 1905, brukt av kongefamilien sidan då, og av staten til 1937.
Riksvåpenet frå «dansketida» der løva er utstyrt med ein krum hellebard i staden for ei øks. Frå ein æresportal i Trondheim i 1733.
Unionskongevåpenet frå 1844 til 1905, innført ved kgl. res. 20. juni 1844.

Det norske riksvåpenet er eit våpenskjold med ei opprett løve i gullraud botn. Løva har krone på hovudet og ber ei gullskjefta sølvøks i framlabbene. Dette motivet blir ofte kalla Den norske løva. Oppå skjoldet er det ei kongekrone med bøylar. Over kongekrona troner det kristne korset.

Riksvåpenet er eit av dei eldste i Europa, med røter til 1200-talet. Det var opphavleg eit personleg våpen for kongehuset i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gull-løve på raud botn som norsk kongevåpen blei ifølgje Snorre Sturlasson brukt i 1103 av Magnus Berrføtt. Historikaren Gustav Storm konkluderte i 1894 med at Snorre her var uhistorisk, ettersom løva i skjoldmerket til Magnus Berrføtt er ukjend i eldre sagahandskrifter og andre kjelder. Kong Sverre (død 1202) brukte kanskje løve som våpenmerke, og kong Håkon Håkonsson (død 1263) hadde våpen med gull-løve på raud botn.

I 1280 la kong Eirik Magnusson til krona og sølvøksa som løva held. Øksa er martyrøksa til Olav den Heilage, våpenet som vart brukt til å drepe han under slaget på Stiklestad.

Forma til det norske riksvåpenet har vorte endra gjennom tidene i takt med skiftande motar innan heraldikken. I seinmellomalderen vart økseskaftet gradvis forlenga, til heile øksa vart oppfatta som ein langskafta hellebard. Skaftet vart òg meir og meir krumma for å passe til dei skjoldformene som var populære, og ikkje minst for å få våpenmerket til å passe som myntbilete. Den framoverbøygde løva som med alle fire føter heldt hellebarden med krumt skaft («gyngehesten») var einerådande gjennom heile dansketida, til kong Oskar I bestemte riks- og kongevåpenet sin utsjånad ved kongeleg resolusjon av 10. juni 1844. Då vart den kortskafta øksa gjeninnført, men stadig med løva i framoverbøygd stilling, og skjoldforma vart mest firkanta etter heraldiske skikk i tida. Dette var fyrste gong ei offisiell utforming av riksvåpenet vart lovfesta.

Etter unionsoppløysinga vart ei ny offisiell våpenteikning innført etter eit utkast av målaren Eilif Peterssen. Den gjekk attende til førebilete frå mellomalderen med ei meir oppreist løve i eit trekanta «gotisk» skjold. Peterssen sin versjon av riksvåpenet vart fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 1905. Denne versjonen vart brukt både av kongen og staten til 1937, då ei ny utforming vart teken i bruk for statlege føremål, teikna av arkivar Hallvard Trætteberg. Kongen beheldt likevel 1905-versjonen og brukar han framleis i kongeflagget og kongevåpenet.

Utforminga av riksvåpenet til statleg bruk vart fastsett ved kongeleg resolusjon av 19. mars 1937.

Denne resolusjonen er gjeldande endå, og Trætteberg si teikning i rein flatestil, utan naturalistiske detaljar, er med mindre endringar framleis i bruk. Den noverande versjonen av Riksvåpenet vart godkjent av kongen 16. desember 1992.

Etter heraldiske reglar er eikor framstilling av riksvåpenet tilleten, så lenge våpenet er gjenkjenneleg ved å rette seg etter «blasoneringa» eller våpenskildringa for det norske riksvåpenet: «Ei upprett gull-løve på raud grunn med gullkrone på hovudet og gullskjeft sylvøks i framlabbane».

Det norske kongevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kongen av Noreg har eit eige kongevåpen. Berre Kongen kan bruka det norske kongevåpenet som sitt kjennetegn, og det er verna mot misbruk ved straffebestemmelsen om offentlege våpen i den norske straffeloven § 328.

Før 1905[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider var det ikkje noko skilje mellom konge- og riksvåpen i Noreg. Det norske riksvåpenet blei brukt av kongane på 1200-talet og var ætte-, konge- og riksvåpen, utan skilje mellom konge og stat. På 1300-talet blei våpenet kombinert med våpena til andre ættear, då sverreætten si mannslinje døydde ut. I unionstida med Danmark var riks- og kongevåpenet firedelt ved eit dannebrogskors med det danske riksvåpenet i første felt og det norske i det andre, deretter dei øvrige riksdelane, og kongeslekta sitt våpen i eit hjarteskjold.

Etter Kielfreden i 1814 tok kongen av Sverige det norske riksvåpenet inn i sitt svenske konge- og riksvåpen, slik at skjoldet blei tredelt med Sverige sine tre kroner øvst, den norske løva i høgre felt og den svenske folkungeløva i venstre felt. Dette våpenet blei også brukt som unionsvåpen og kongevåpen for dei første felles norske og svenske kongar etter at unionen mellom Sverige og Noreg blei inngått. At våpenet tydeleg signaliserte svensk overhøgheit og dessutan blei brukt som riksvåpen i Sverige, vekkte misnøye i Noreg.

Det norske ønsket om symbol som markerte likestilling mellom statane blei imøtegått av kong Oscar I. I 1844 blei det innført eit unions- og kongevåpen med landa sine riksvåpen sidestilt i eit kløyvd skjold, det svenske på heraldisk høgre side, det norske til venstre, og slekta Bernadotte sitt våpen i hjarteskjoldet. Over skjoldet stod to kongekroner for å visa at kongen regjerte over ein union av to sjølvstendige kongerike. Dette våpenet blei brukt av kongefamilien og for unionelle saker gjennom resten av unionstida til 1905.

Etter 1905[endre | endre wikiteksten]

Det norske kongevåpenet frå 1905, utforma av Eilif Peterssen.

Det noverande norske kongevåpenet blei fastsett ved kongeleg resolusjon av 30. desember 1905, der det står at kongevåpenet består av «Rigsvaabenets Skjold paa den kongelige hermelinskaabe, der holdes af den norske Kongekrone. Kongevaabenets Skjold er omgivet af St. Olafsordenens Kjede. Kaaben og Kronens Hætte er purpurfarvet

Dette våpenet står i det såkalla riksbanneret som blei laga til kroninga i 1906, på kongelege sarkofagarAkershus festning, på nokre medaljar og liknande, og på menyar og andre trykksaker brukt av kongefamilien.

Kong Olav brukte også eit anna, personleg våpen der riksvåpenet står i skjoldet, på øvre skjoldkant er det ein hjelm og på hjelmen er det hjelmteikn med ei oppveksande norsk løve med øks. I motsetnad til i mange andre monarki, som Danmark og Sverige, inneheld det norske kongevåpenet ingen fargar eller figurar fra våpenet til kongeslekta, (Oldenborg), av to gullbjelkar på raud botn.

I seinare år er det norske kongevåpenet blitt teikna litt om, mellom anna med en ny stilisering av kongekrona. Det heraldiske innhaldet er det same som før: Skjoldet frå riksvåpenet omgjeve av ordenskjedet frå St. Olavsordenen, inne i ei hermelinsfora, purpurfarga våpenkappe som øvst har ei kongekrone med bøylar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]