Det norske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk handelsflagg
Norsk stats-, krigs- og orlogsflagg.

Det norske flagget er nasjonalflagget til Noreg. Det inneheld ein mørkeblå kross med kvite kantar på raud botn. Raudfargen skal etter flaggloven vera høgraud og blåfargen skal vera mørkeblå.[1] Norske flaggprodsentar nyttar fargekodane Pantone 200 og 281,[2][3][4][5] som på webfargar tilsvarer #BA0C2F[6] og #00205B.[7]

Den vertikale krossarmen er forskyvd mot flaggstonga etter mønster av dei eldre skandinaviske flagga.

Handelsflagget har tilhøvet 22:16 og statsflagget har tilhøvet 27:16.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart det danske flagget brukt frå og med 1600-talet på grunn av unionen med Danmark. Den sjølvstendige norske staten heldt fram med å bruke det danske flagget også etter 1814, men sette løva frå det norske riksvåpenet inn i det øvste raude feltet nærast stonga. Dette flagget var i bruk som handelsflagg til 1821 i nordlege farvatn. Som stats- og orlogsflagg vart det avløyst av eit unionelt svensk-norsk flagg for både rike, det svenske flagget med eit kvitt kryss på raud botn i kantonen, det øvre feltet nærast stonga. I 1818 fekk begge landa også eit unionelt handelsflagg etter same mønster, men rettskore. Det vart brukt i fjerne farvatn til vern mot nordafrikanske piratar, som fekk frikjøpspengar frå Sverige.

I 1821 teikna stortingsmann Frederik Meltzer det norske flagget som vi kjenner det i dag. På grunn av den nyleg avslutta unionen med Danmark og den inngåtte unionen med Sverige tok Meltzer inn element frå begge desse flagga; Danmarks raude og kvite fargar med Sveriges blå farge i krossen. Kombinasjonen raudt-kvitt-blått førte samstundes vidare tradisjonen frå flagga til fleire meir eller mindre demokratiske statar — det revolusjonære Frankrike, Nederland, Storbritannia og USA. Anekdoten om at Meltzers son fekk ideen til flagget får ikkje medhald av veksillologiske forskarar.

Stortinget hadde motteke ei lang rekkje framlegg til nytt norsk flagg, men valde utkastet frå Meltzer da flaggsaka vart avgjort i 1821. Kong Karl Johan gav samtykke gjennom ein kongeleg resolusjon for å unngå at flagget vart innført ved lov.

Svenske og norske flagg etter at unionsmerket vart fjerna frå det norske flagget i 1899. Vedlegg til eit rundskriv frå Kongl. Utrikesdepartementet 18. oktober 1899.

I 1844 vart eit unionsmerke innført i kantonen både i norske og svenske flagg. Samstundes vart det unionelle statsflagget avskaffa. Merket kombinerte fargane i begge flagga, med lik fordeling. Unionsmerket gjekk blant folk i begge landa under namnet «Sildesalaten». Unionsflagget var i byrjinga populært av di det markerte jamstilling mellom dei to statane.

Unionsmerket vart brukt åleine av begge rike som orlogsgjøs og som eit felles flagg for diplomatiske representasjonar i utlandet. Men då hadde det alltid den langstrakte forma med tilhøve 5:4 som unionsmerket i svenske flagg, og ikkje den kvadratiske forma som det hadde i norske flagg.

Norske unionsflagg hadde den same mørke blåfargen både i krossen i hovudflagget og i dei svenske delane av unionsmerket. Det var aldri meir enn ein blåfarge i unionsflagget. Det same galdt for svenske unionsflagg. Blåfargen i svenske flagg på 1800-talet var mørkare enn no, men kunne variere noko. Svenskane brukte alltid den same blåfargen i dei norske delane av unionsmerket, sjølv om den var lysare enn den offisielle norske.

Aukande motvilje mot unionen gjorde unionsmerket upopulært, og «det reine flagget» vart ei merkesak for Venstre. Det vart vedteke av Stortinget i 1893, 1896 og 1898, og vart lovfesta utan kongeleg sanksjon for handels- og nasjonalflagget. Flagglova vart gjeldande frå 15. desember 1899. Det vart òg innført eit reint statsflagg med splitt og tunge til bruk på statlege bygningar og sivile skip i statleg teneste. Men orlogsflagget beheldt unionsmerket til unionsoppløysinga i 1905. Det reine orlogsflagget utan unionsmerke vart heist 9. juni 1905, rett etter at unionen med Sverige var slutt. Alle svenske flagg beheldt unionsmerket til 1. november 1905.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Utenriksdepartementet (25. april 2018), «Svar på spørsmål om fargen på det norske flagget», Regjeringen.no (på norsk), henta 15. desember 2020 
  2. «Norske flaggregler». Langkilde & Søn. Henta 24. desember 2020. 
  3. «Generelle flaggregler». Flaggregler.no. Henta 24. desember 2020. 
  4. «Kristiansand Flaggfabrikk as - Regler». www.flaggfabrikken.com. Henta 7. april 2021. 
  5. «The Norwegian flag | Nordic cooperation». www.norden.org (på engelsk). Henta 7. april 2021. 
  6. PANTONE® 200 C - Find a Pantone Color | Quick Online Color Tool | Pantone
  7. PANTONE® 281 C - Find a Pantone Color | Quick Online Color Tool | Pantone

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]