Kristen Skjeldal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristen Skjeldal


Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1967 (56 år)
Voss herad
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 30 kilometre freestyle mass start, Ski-VM 1991, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Vinter-OL 1994

Kristen Skjeldal (fødd 27. mai 1967) er ein norsk skiløpar (langrenn) frå Voss. Han er medlem av Bulken Idrettslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Skjeldal har vunne tre olympiske medaljar, to gullmedaljar og ein bronsemedalje. Den første gullmedaljen vann han i Vinter-OL i Albertville i 1992. I leikane i Salt Lake City i 2002 fekk han 4. plass i 30 kilometer langrenn fristil, men vinnaren, Johan Mühlegg, vart seinare fråkjend sigeren då det vart påvist at han hadde brukt steroidar, noko som er forbode i konkurranseidrett (doping). Dette førte til at Kristen Skjeldal fekk bronsemedaljen i dette rennet. Han var også med på det norske vinnarlaget i 4 x 10 km stafett under desse leikane. I 2005 gav broren, Gudmund Skjeldal ut biografien Den siste langrennaren – ei historie om Kristen Skjeldal og snø.

Kristen Skjeldal har 11 individuelle NM-titlar, derav seks på 5-mila. Den siste vann han i 2006. Ingen har fleire NM-gull på denne distansen enn han.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]