Kristofer Lehmkuhl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kristofer Didrik Lehmkuhl (26. september 185523. desember 1949) var ein kjent forretningsmann og politikar frå Bergen.

Lemkuhl sat mellom anna som arbeidsminister i Christian Michelsen si regjering i frå 11. mars 1905 til 28. september 1907. I perioden 1908 til 1936 var han direktør for Det Bergenske Dampskipsselskap.

Han har fått seglskuta Statsraad Lehmkuhl oppkalla etter seg.

Lehmkuhl var ein av dei ivrigaste forkjemparane for opprettinga av Norges Handelshøyskole, og det står ein statue av han ved NHH.