Samlingspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samlingspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Ved Stortingsvalet hausten 1903 fann Høgre og moderate krefter frå Venstre saman. Partiet Moderate Venstre gjekk for ein stor del inn i Samlingspartiet, og gjekk i 1906 inn i Høgre. Samlingspartiet hadde front mot Venstre sin sosial- og unionspolitiske radikalisme og eit framveksande sosialdemokrati. Sentrale personar knytt til Samlingspartiet var mellom anna Christian Michelsen, Wollert Konow (SB) og Bjørnstjerne Bjørnson. Samlingspartiet gjekk i 1903 til val på eit politisk program som mellom anna inneheldt løfter om tingingar med Sverige framfor einsidige norske utspel i konsulatsaka.

Optimisme knytt til forhandling vann fram i 1903. Samlingspartiet og Høgre vann valet med 63 representantar mot Venstre sine 49. George Francis Hagerup frå Høgre danna regjering 22. oktober 1903. Etter unionsoppløysinga i 1905 var Samlingspartiet tiltenkt å halda fram i rolla som borgarleg samlingsalternativ ved valet i 1906. Det skulle syna seg at samlingspolitikken ikkje overlevde unionsoppløysinga. Då unionsproblemene var løyste, smuldra semja opp og motsetnadar kom opp i dagen. Frisindede Venstre førde seinare vidare mange av tankane til Samlingspartiet.

Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg