Kristoffer Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristoffer Larsen
Personleg informasjon
Fødd 19. januar 1992 (32 år)
Fødestad Bergen
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Brann
Nummer 20
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2010
2011-
Noreg Vestsiden-Askøy
Noreg Brann

22 (1) [1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. oktober 2012

Kristoffer Larsen (fødd 19. januar 1992 i Bergen) er ein norsk fotballspelar som spelar for Åsane Fotball (2020). Han spela også for Sarpsborg 08 i Eliteserien i 2020.[treng kjelde]

Han har tidlegare spelt for Brann. Han signerte den første profesjonelle kontrakten sin for Brann 1. juli 2011. Han har som juniorspelar spelt for Vestsiden-Askøy og Brann.

Som 17-åring blei Larsen oppdag av ein speidar frå den italienske storklubben AC Milan, og sendt til AC Milan sin farmarklubb Bellinzona. Etter eit kort opphald i den sveitsiske klubben returnerte han til Bergen der han gjekk til Brann etter å ha fullført 2010-sesongen for Vestsiden-Askøy.

Etter mange gode kampar for juniorlaget og Brann 2 i 3. divisjon fekk han sjansen på A-laget. Debuten kom i cupen då han fekk med seg dei siste 18 minutta i 1. runde-kampen på bortebane mot Tertnes. I 3. runde, mot Åsane, fekk han spela dei siste fem minutta for Fredrik Haugen, og i den neste cuprunden kom heimedebuten. Han kom innpå etter 72 minutter mot Sogndal, i ein kamp som gjekk til ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse.

Då overgangsvindauget opna 1. juli 2011 fekk han proffkontrakt med Brann. Han debuterte i Tippeligaen 7. august same året som innbytar i ein heimekamp mot Strømsgodset. Første målet hans for Brann kom då han på overtid avgjorde ein heimekamp mot Hønefoss den 8. oktober 2012.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk