Hønefoss Ballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hønefoss Ballklubb
Fullt namn Hønefoss Ballklubb
Kallenamn HBK, Hønsa
Grunnlagd 4. februar 1895
Heimebane AKA Arena
(kapasitet: 3 500)
Styreleiar Ole Sannes
Hovudtrenar Leif Gunnar Smerud
Supporterklubb Fosseberget
Liga Tippeligaen
Anna Dagleg leiar:
Geir Håvard Solvang
Nettstad Heimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Hønefoss Ballklubb er ein fotballklubb frå Hønefoss i Ringerike kommune i Buskerud. Klubben spelar heimekampane sine på AKA Arena. I dag spelar klubben i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Leif Gunnar Smerud.

Fyrste gongen Hønefoss spelte på øvste nivå var i 2010-sesongen.

Tropp[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 6. mai 2013

Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg MV Lars Stutterud
2 Flagget til Noreg FS Frode Lafton (kaptein)
3 Flagget til Noreg MS Pål Erik Ulvestad (på lån frå Molde)
4 Flagget til Noreg MS Helge Haugen
5 Flagget til Noreg FS Aleksander Solli
6 Flagget til Island FS Kristjan Örn Sigurdsson
7 Flagget til Danmark MS Mikkel Vendelbo
8 Flagget til Noreg FS Kevin Larsen
9 Flagget til Noreg MS Mats André Kaland
10 Flagget til Finland MS Riku Riski
11 Flagget til Noreg AS Erik Midtgarden
Nr. Posisjon Spelar
13 Flagget til Finland MS Toni Kolehmainen
14 Flagget til Costa Rica FS Heiner Mora
16 Flagget til Noreg MS Tor Øyvind Hovda
20 Flagget til Noreg AS Alexander Mathisen
21 Flagget til Senegal AS Remond Mendy
22 Flagget til Island FS Arnór Aðalsteinsson
23 Flagget til Noreg FS Alexander Groven
24 Flagget til Noreg AS Kenneth Di Vita Jensen
26 Det amerikanske flagget MV Steve Clark
27 Flagget til Elfenbeinskysten AS Kevin Beugre
28 Flagget til Noreg FS Martin Nygaard

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klubben er ei samanslåing av fleire gamle fotball- og idrettsklubbar:

  • IF Liv som blei stifta 4. februar 1895.
  • Fossekallen IF, som fekk namnet sitt 28. mars 1909 etter at Skiklubben Halden (stifta 15. april 1908) skifta namn.
  • Fossekallen blei i 1940 slått saman med Hønefoss AIL.
  • I 1987 blei klubbane IF Liv og Fossekallen slått saman til Liv/Fossekallen.
  • Klubben fekk i 1997 namnet L/F Hønefoss, og i 2002 blei namnet igjen endra til noverande Hønefoss BK.

I 1998 rykte L/F Hønefoss opp i 1. divisjon. Publikumsrekorden i Hønefoss Idrettspark er 3 773, og blei sett 22. august 2005 i ein cupkamp mot Hamarkameratene. Supporterklubben heiter Fosseberget.

18. juli 2007 blei det vedteke å byggje nytt stadion, det stod ferdig i 2009. Det er sertifisert for 3500 plassar, men sidan området berre er regulert for 3000 må HBK søkje kommunen om dispensasjon dersom talet på tilskodarar blir over 3.000.[1].

Januar 2008 blei Ole Bjørn Sundgot tilsett som ny hovudtrenar for klubben. I den andre sesongen med Sundgot som trenar greidde HBK andreplass i 1. divisjon, og sikra med det opprykk til Tippeligaen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

AKA Arena, 2009
  • 4. plass i 1. divisjon (2002, 2005 og 2006)
  • Semifinale i cupen (2005)
  • 2. plass i 1. divisjon (2009)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hønefoss BK - 3000 er passert


Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 11. april 2010.

Mal:Tippeligaen 2014