Kro i zoologien
Eit kro er ein tynnvegga utviding av fordøyingskanalen som brukast til mellombels lagring av mat. Kro finst hos mange dyregrupper, inkludert sniglar, meitemark,[1] iglar,[2] insekt[3] og fuglar.
Fuglar [endre]
Hos fuglar er kroet ein utvida, muskuløs pose i nærleiken av matrøyret eller svelget. Det er ein del av fordøyingskanalen, eigentleg ein forstørra del av matrøyret. Som med dei fleste andre organismar som har kro, blir kroet brukt til mellombels oppbevaring av mat og til oppbløyting av mat. Ikkje alle fuglar har kro. Til dømes har dei fleste rovfuglane kro, men ikkje ugler.
Fuglar som et åtsel, slik som gribbar, vil fråsse når det er rikeleg med tilgang på byttedyr, noko som får kroet til å bule ut. Seinare sit dei halvt i søvne og fordøyer maten.
Kromjølk [endre]
Vaksne duer kan produsere ei mjølkeliknande væske, kromjølk, i kroet for å mate nyklekte ungar.[4] Også flamingoar kan produsere kromjølk.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen starta med ei omsetjing av «Crop_(anatomy)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2011
Fotnotar [endre]
- ↑ «Worm World: About Earthworms». http://yucky.discovery.com/flash/worm/pg000102.html. Henta 2008-12-16.
- ↑ Sawyer, Roy T (PDF). Leach Biology and Behaviour, Volume II.
- ↑ «Insect Identification: Digestive System». http://insectspedia.blogspot.com/2010/10/digestive-system.html. Henta 2011-01-18.
- ↑ Gordon John Larkman Ramel (2008-09-29). «The Alimentary Canal in Birds». http://www.earthlife.net/birds/digestion.html. Henta 2008-12-16.