Kroa i Bø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kroa i Bø er ei kjend norsk konsertscene og eit studenthus knytt til Høgskulen i Telemark, avdeling . Studenthuset blir drive som ei stifting. Huset har ei konsertscene, ein pub og kontorlandskap.

Ved hovudscena på Kroa i Bø kan opp til 750 oppleve store norske og internasjonale artistar. Trass i at Bø er ein liten tettstad er Kroa i Bø særs kjend og ein mykje nytta scene for norske rockeartistar på turné, og har ofte vore nytta som opningsscene for større turnéar. Scena blir stort sett drive frivillig av studentane ved høgskulen.

Sjølve huset «Kroa i Bø» vart innvigd i 1985, medan utvalet Kro & Kultur, som har hovudansvaret for dei fleste arrangementa, vart danna allereie i 1971. Eit stort trettiårsjubileum vart feira i 2001 med dei då ukjende Röyksopp, Kaizers Orchestra, Gåte, Askil Holm, Vidar Vang og Odd. Kroa i Bø har også vore vertskap for internasjonale artistar som Angélique Kidjo, Morphine, Phoenix, The Wannadies og Ash.

Kroa har også fleire utval som arrangerer små og store arrangement, som Fri Musikkens Venner Nå! (FMVN!), Fraktal, Bø Filmklubb, Bø Studentmedia og Åpen scene.

Band som Surferosa og Rebolt har starta opp frå miljøet på Kroa i Bø. Kroa i Bø blei kåra til Årets Konsertarrangør 2005 av Norsk Rockforbund. Dei var også nominert til den same prisen i 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]