Kaizers Orchestra
| Kaizers Orchestra | |
Kaizers Orchestra under ein konsert i Danmark i 2011. |
|
| Opphav | Noreg |
| Periode | 2000– |
| Sjanger | Rock |
| Plateselskap | Universal Music/Broiler Farm |
| Nettside | Kaizers.no |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Janove Ottesen Geir Zahl Terje Winterstø Røthing Helge Risa Rune Solheim Øyvind Storesund |
|
| Tidlegare medlemmer | |
| Jon Sjøen | |
Kaizers Orchestra er eit norsk rockeband danna i Bergen. Kaizers vert ofte knytt til Bryne på Jæren, sidan dei mest mediekjende medlemmane kjem derifrå, og på grunn av at tekstane er og vert framførd på tilnærma jærmål. Gruppa vart danna i 2000 og har seks medlemmar.
Kaizers Orchestra platedebuterte i 2001 med Ompa til du dør, som mange meldarar meinte var blant dei beste norske plateutgjevinga det året. For debutalbumet fekk dei Spellemannsprisen for beste rockealbum. I 2002 vann dei Alarmprisen i klassen rock og for beste liveband.
Kaizers hadde alt då vakt oppsikt som eit framifrå godt liveband, sidan dei hadde skapt sitt heilt særeigne lydbilete, mellom anna ved hjelp av ukonvensjonelle instrument som brekkjern, kubein, bilfelgar og oljefat, i tillegg til ompatakter frå pumpeorgel. Den skranglete rocken dette gjer, har fått mange til å samanlikna Kaizers med Tom Waits.
Det heile starta rundt 1990, då barndomskameratane Geir Zahl og Janove Ottesen som femtenåringar byrja å spela i kjellaren heime hjå Geir på Bryne. Dei danna bandet Blod, snått & juling. Dei spela inn fleire kassettar, som fekk hederleg omtale i lokalpressa.
Etter at dei flytta til Bergen, skifta dei etter ei lita stund namn til gnom, og fekk gitt ut sin første cd, kalla «Mys».
Innhaldsliste |
Medlemer [endre]
- Janove Ottesen, song, oljefat
- Geir Zahl, gitar, song, oljefat, felg
- Terje Winterstø Røthing, gitar, oljefat, felg
- Helge Risa, pumpeorgel, oljefat
- Rune Solheim, slagverk
- Jon Sjøen, kontrabass til 2003
- Øyvind Storesund, kontrabass frå 2003
Diskografi [endre]
Album [endre]
- 2001 Ompa til du dør - Ottesen og Zahl vann Edvard-prisen for denne plata.
- 2002 Evig Pint
- 2005 Maestro
- 2006 Live at Vega
- 2008 Maskineri
- 2009 Våre demoner
- 2011/2012 Violeta Violeta
- Violeta Violeta Vol. 1 (Jan. 2011)
- Violeta Violeta Vol. 2 (Nov. 2011)
- Violeta Violeta Vol. 3 (Nov. 2012)
DVD [endre]
- Viva La Vega (2006)
EP-ar og singlar [endre]
- Den gule EP'n (2000)
- Mann mot mann (2002)
- Død manns tango (2003)
- The Gypsy Finale (2004)
- Maestro (singel) (2005)
- Maestro (bonus disc) (2005)
- Philemon Arthur & The Dung (2010)
- Hjerteknuser (2010)
- Diamant til kull" (2011)