Krokus
| Krokus | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Liliopsida | |
| Orden: | Asparagales | |
| Familie: | Iridaceae | |
| Slekt: | Crocus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Crocus | ||
Krokus (Crocus) er ei planteslekt i sverdliljefamilien. Krokus er ein staude, som ofte vert rekna som ein løkplante, sjølv om overvintringsorganet eigentleg er ein knoll. Slekta er utbreidd med fleire enn 30 artar i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Dei er for det meste fjellplantar. Dei fleste krokus vert 10-20 cm, og dei finst i mange fargar frå kvite og gule til lilla og blå. Blomstringstidspunktet kjem an på sorten, men fell for det meste frå sist i februar til inn i april. For dei haustblomstrande fell blomstringa frå september til inn i november.
Bruk[endre]
Krokus er vanlege hageplantar, særleg vårkrokus (Crocus vernalis), ein av dei første blomsterplantane som dukkar opp ute om våren, og haustkrokus (Crocus speciosus). Krokus kan gro i alle veldrenerte jordtypar, og er brukelege nesten overalt i blomsterbed, grasplenar eller i potter innandørs. Leggedjupna er 5-10 cm. Både ville artar og dyrka sortar formeirar seg villig ved frø og yngleknollar, men dei skal helst ligge urøyvde i jorda i 3-4 år. For produksjon av krydderet safran dyrkast safrankrokus (Crocus sativus).
Artar[endre]
Det finst ei rekke artar i krokusslekta, nokre er
- Alpekrokus (Crocus versicolor)
- Solkrokus (Crocus angustifolius) synonym Crocus susianus
- Gul krokus (Crocus flavus)
- Haustkrokus (Crocus speciosus)
- Safrankrokus (Crocus sativus)
- Septemberkrokus (Crocus kotschyanus) synonym Crocus zonatus
- Begerkrokus (Crocus chrysanthus)
- Snøkrokus (Crocus tommasianus)
- Iskrokus (Crocus niveus)
- Vårkrokus (Crocus vernus) synonym Crocus scepusiensis, Crocus napolitanus, Crocus neapolitanus, Crocus heuffelianus
Kjelder[endre]
- Dansk wikipedia.