Krzysztof Zanussi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krzysztof Zanussi i 2010

Krzysztof Zanussi (fødd 17. juni 1939 i Warszawa i Polen) er ein polsk produsent og filmregissør.

Han er professor i europeisk film ved European Graduate School i Saas-Fee i Sveits. Han er òg professor ved Det schlesiske universitetet i Katowice ( polsk Uniwersytet Śląski w Katowicach).

Han studerte fysikk ved Universitetet i Warszawa ( polsk Uniwersytet Warszawski) , filosofi ved Det jagellonske universitetet i Kraków (polsk Uniwersytet Jagielloński) og ved Filmhøgskolen i Łódź (polsk Państwowa Wyższa Szkoła Filmowa, Telewizyjna i Teatralna im. Leona Schillera w Łodzi). Han er direktør ved det polske filmstudioet TOR og har fått mange prisar, mellom anna David di Donatello-prisen til Accademia del Cinema Italiano.

Krzysztof Zanussi har mellom anna laga Krystallens struktur (1969), Illuminasjon (1973), Spiral (1978) og A Year of the Quiet Sun (1984), Inventory (1989), In Full Gallop (1996), The Supplement (2002) og Persona non grata (2005).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]