Kubena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kubena
Utspring Konosjahøgdene
Munning Kubenskojesjøen
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 368 km
Middelvassføring 52,2 m³/s
Nedslagsfelt 11 000 km²

Kubena (russisk Кубена) er ei elv i Arkhangelsk oblast og Vologda oblast i Russland, som munnar ut i Kubenskojesjøen i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.

Ho har ei lengd på 368 km og eit nedslagsfelt på om lag 11 000 km². Byen Kharovsk ligg på venstresida av elva.

Dei største sideelvane hennar er Vottsja, Jemba, Siamzjena og Sima frå venstre og Katroma, Sit og Kikht frå høgre.

Kubena spring ut frå Konosjahøgdene som ligg sør i Arkhangelsk oblast, i nærleiken av landsbyen Konosja. Ho følgjer så eit svingete spor sørover med mange stryk, og her er elvebreidda høg og skogkledd. Etter Kharovska renn elva langt saktare og breidda hennar aukar til 200-300 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]