Kuling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sterk kuling til havs måla av Willem van de Velde d.y. i Resolution in a Gale.

Kuling er eit uttrykk for styrken til vind med fart frå 10,8 m/s (22 knop) til 20,7 m/s (40 knop) målt over ein periode på ti minutt.

Ein har tre graderingar av kuling: Liten kuling, stiv kuling og sterk kuling.

  • Liten kuling: Er vind frå 10,8 m/s til 13,8 m/s (22-27 knop), og nivå 6 på Beaufortskalaen.
  • Stiv kuling: Er vind frå 13,9 m/s til 17,1 m/s (28-33 knop), og nivå 7 på Beaufortskalaen.
  • Sterk kuling: Er vind frå 17,2 m/s til 20,7 m/s (34-40 knop), og nivå 8 på Beaufortskalaen.

Når det bles kuling vil store tre byrje å røre på seg og det vert tungt å gå mot vinden. I fjellet byrjar snøfokk å setje ned sikta frå 1 km ved liten kuling til under 100 m i sterk kuling. Ein fjelltur i stiv kuling kan vere ei hard påkjenning og ved vind på sterk kuling bør ein ikkje leggje ut på tur. På havet kan ein få ei signifikant bølgjehøgd frå opp til 4 m i liten kuling til 7 m i sterk kuling med bølgjer som bryt og sjøsprøyt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]