Liten kuling
Liten kuling er vindstyrke 6 i Beaufortskalaen og den svakaste av kulingkategoriane. Vindsnøggleiken er då 10,8–13,8 m/s eller 40-50 km/t. Den eldre sjønemninga er toreva kuling.
Merk at både i engelsk, svensk (delvis) og dansk, så går denne vindstyrken framleis som bris, medan kuling (eller gale på engelsk) først kjem i vindstyrke 7.
Innhaldsliste |
Verknader [endre]
Land [endre]
Store greiner og mindre stammer rører seg. Det kvin i telefonleidningar. Det er vanskeleg å bruke paraply og ein merkar motstand når ein går.
I fjellet [endre]
Det er særs slitsamt å ta seg fram mot vêret. Snøfokk set ned sikta til under 1 km. Det vanskeleg å halde andletet uverna mot vinden i lengre tid. Folk flest bør ikkje legg ut på tur over snaufjelelt ved denne og høgare vindstyrkar.
På sjøen [endre]
Store bølgjer (3-4 m) startar å danne seg. Skumskavlane er større overalt, og det kjem gjerne noko sjøsprøyt.
Andre språk [endre]
| Språk | Namn |
|---|---|
| Svensk | Frisk vind (på land), hård bris, frisk kuling/kultje(til sjøs) |
| Dansk | Hård vind |
| Færøysk | Strúkur í vindi |
| Islandsk | Stinningskaldi |
| Engelsk | Strong breeze |
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «liten kuling»
|
|
|
|---|---|
| Stille · Flau vind · Svak vind · Lett bris · Laber bris · Frisk bris · Liten kuling · Stiv kuling · Sterk kuling · Liten storm · Full storm · Sterk storm · Orkan |