Kvant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit kvant (frå latin quantus) er i fysikken brukt som nemning på ein storleik som finst i ei bestemd udeleleg mengd. Verknadskvantet, òg kalla Planckkonstanten og som regel med nemninga h, er den minste mengda av verknad, det vil sei av produktet energi gonger tid. Planckkonstanten er ein naturkonstant av fundamental tyding i moderne fysikk.

Max Planck introduserte i 1900 ein formel som forklarte at lys alltid vert sendt ut i kvant. Strålingskvantet eller fotonet (gammakvant, lyskvant) er den minste mengda elektromagnetisk stråling som kan sendast ut med ein bestemd frekvens. Strålingskvantet fører med seg ei energimengd, energikvantet, som er lik verknadskvantet h multiplisert med frekvensen ν, og ei spinnmengd, elementærkvantet for spinn, som er lik verknadskvantet h dividert med 2p og som har nemninga ℏ (lesast h-strek).

Det elektriske elementærkvantet, elementærladninga, er den minste elektriske ladninga ein kjenner, som regel skrive som e. Protonet har ladning e og elektronet -e.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]